Film

Å miste ansikt

Ansiktet har artig symbolikkomikk og usentimental mentalhygiene.

Jacek er ein velsett mann i bygda, men får livet snudd opp ned etter ei arbeidsulukke.
Jacek er ein velsett mann i bygda, men får livet snudd opp ned etter ei arbeidsulukke.

Komedie / drama

Regi: Malgorzata Szumowska

Ansiktet (orig.tittel: Twarz)

Med: Mateusz Kosciukiewicz, Agnieszka Podsiadlik, Malgorzata Gorol

Livet går rette vegen for Jacek (Kosciukiewicz): Han har fått seg bygdas finaste dame (Gorol), og resten av bygdefolket beundrar arbeidet hans med å bygga den største Jesus-figuren sidan den i Rio de Janeiro. Når fjeset blir uoppretteleg skada etter at han ramlar ned i jesusen, endrar alt seg.

Metallikar

Ja visst er det ei banal historie regissør og manusforfattar Malgorzata Szumowska serverer oss. Ho vert berre hakket mindre banal om ein prøver å sjå symbolsk på det: Om dette inngrodde, kvasikatolske bygdesamfunnet skal symbolisera dagens Polen, er det i så fall artig med så openberr og ufordekt kritikk, sjølv om det er langt frå nyansert.

Så er det heile også sett i eit slags nostalgisk lys, reint estetisk, med underleg linsebruk som gjer at ytterkantane gjennomført er ufokuserte, slik at ein berre kan sjå det som er i midten av biletet. Som eit tunnelsyn, om ein ser det fiffige i det i staden for det noko forstyrrande.

Også forstyrrande er det kor truverdig transformert Jacek blir frå langhåra metallkis til transplantert maskefjes. Det betyr ikkje at Ansiktet søkk ned i sentimentalitet og sjølvmedynk, for det er det forbausande lite av, trass i at tematikken er akkurat i dette landet. Korleis reagerer vener, familie og ikkje minst kjæraste på at utsjånaden endrar seg så radikalt?

Ytre faktorar

Det er lett å seia at det er det indre som tel, men måten du sjølv blir oppfatta på utanfrå, vil i stor grad påverka korleis du ter deg og ber deg. Jacek blir ingen helt av å ha vore utsett for noko så traumatisk, han utagerer på ganske rare og nedverdigande måtar. Det er kanskje det mest menneskelege å gjera. Og i eit land der velferdspengane ikkje strekkjer til, har han heller ikkje så mykje val om han har tenkt å få medisinsk hjelp – han må bli medynksfotomodell.

Enkelte i familien undrar seg over om han kjem til himmelen med det nye fjeset. Det vert òg bestilt eksorsisme. Ingen kan jo vera så toskne som desse landsens tullingane, men om eg tenkjer på dei politiske vridingane i Polen dei siste par åra, verkar det diverre ørlite sannsynleg med desse latterleg utdaterte reaksjonane. Landet har mista meir ansikt enn Jacek når det kjem til stykket.