Å eg veit meg ein familie
Det skal godt gjerast å ikkje falla for Brødrene Johansen.
To av dei fem brørene Johansen: Jan Ivar er fiskar, Idar er geitebonde.
Foto: Koko Film
Dokumentar
Regi: Trude Ottersen
Brødrene Johansen
Med: familien Johansen og vener
Kinofilm
Kråkrø, ei øy nord for Harstad: På ein geitegard ved fjorden bur Idar og Jan Ivar (begge i førtiåra) med mor og far. Bygda har 25 innbyggjarar, mellom andre bestekompisen til Jan Ivar, Birger, på nokre og åtti. Det einaste som skjer her, er sjølve livet.
Før i notida
Inntil koparnettet vart kopla frå i januar i år, så hadde faktisk 115.000 norske heimar innlagd telefon, ein av desse var heimen til familien Johansen. Her gjer dei det på gamlemåten. Eller iallfall har dei gjort det lenge. Mor Kjellrun og far Einar har oppdrege sju ungar på garden, ein oppvekst med mykje fisk og lite uviktig prat, og ein viss skepsis til det utanfor bygda.
Faren er skeptisk til unge kvinnfolk no til dags som driv og drikk, men då er Jan Ivar der og påpeikar at det er no ikkje berre kvinnfolka som drikk, og det er no heller ikkje berre unge folk, det er vel så mange gamle alkisar. Det ligg eit roleg opprør i det han seier. «La dei berre sitje og gruble, tidene forandrar seg», seier Jan Ivar mens han ror båten utover fjorden for å dra garn – akkurat som for hundre år sidan. Det er så fint og så reflektert og til refleksjon.
Folk ved fjorden 2
Det er på ingen måte fritt for assosiasjonar til Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, eller Norge rundt, for den del. Særleg musikken kunne med fordel vore skrudd til hakket mindre sentimentalt og sidrumpa, og forteljarstemma kunne vore ørlite mindre barne-TV-aktig, om eg skal tillata meg å vera ærleg, men dette til sides, eg skal seia kven som er ærleg!
Det er den nydelege familien Johansen, og hatten så inderleg av for ho bak den forteljarstemma som har fått eit slikt unikt innblikk i kvardagslivet til Johansens. Du skal ha oppbygd bra med tillit for å få lov å vera så til stades og samtidig så lite i vegen. Regissør Trude Ottersen kan dette, noko ho beviste med sin førre film, Ishavsblod (2016) om dei siste selfangarane.
Det er sjølvsagt trist at ho sannsynlegvis har plenty materiale framover i karrieren, om ho vil halda fram med å dokumentera tider som svinn og med det tradisjonar, yrkesgrupper og ikkje minst folk. Kven skal bu i Kråkrø viss alle endar i «Dauingboka»?
Balansekunst
For min del kunne Ottersen gjerne laga ein oppfølgjar som berre handlar om «Dauingboka», dette kuriøse verket til Jan Ivar og bestekompisen Birger. Faktisk kunne eg godt sett ein dokumentar om kvar av familiemedlemmene, for det er jo akkurat dette: Når du har så bra fotografar til å fanga folka på film, flinke klipparar og ein regissør som verkeleg veit kva prosjektet er, og kan kunsten å fortelja, så kan du nesten laga film om kva som helst.
Og kva er meir interessant enn menneskelagnader? Det skadar ikkje at naturen er så vakker at ein nesten ikkje klarar la vera å googla reiseruter og prisar for turar til Nord-Noreg. Faren med oppfølgjarar er kan hende freistinga til å gå over streken, for balansen mellom sentimentalitet og realisme er viktig. Det kunne så lett vorte ein film om raringar og bygdeoriginalar, men Brødrene Johansen ser berre slik ut på plakaten. Filmen held seg på ei vakker, tynn linje der ein sjølv kan bestemma kva side ein vil sjå ned på som publikum.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.