🎧 Eklingar står for fall
Bombshell er ein av årets garantert mest tilfredsstillande hemnfilmar – om ein ser vekk frå ei viss kvitvasking av tvilsame heltinner.
Margot Robbie som Kayla Pospisil og Kate McKinnon som Jess Carr i filmen som tek for seg seksuell trakassering på arbeidsplassen.
Foto: Hilary Bronwyn Gayle / Nordisk Film Distribusjon
Lytt til artikkelen:
Dokudrama
Regi: Jay Roach
Bombshell
Med: Charlize Theron, John Lithgow, Nicole Kidman, Margot Robbie
Roger Ailes (Lithgow) starta opp Fox News i 1995 og fekk frie tyglar frå eigaren Rupert Murdoch. Han steig til eventyrlege høgder ved hjelp av nyheitsanker som Megyn Kelly (Theron) og Gretchen Carson (Kidman), men dei og fleire skulle i 2016 riva han resolutt ned i oppgjeret med seksuelt misbruk og maktovergrep.
Bombenedslåande
Den stokk konservative Ailes sette ein ny standard for dobbeltstandard. På den eine sida ville han sjå eit prektig USA med kristne verdiar, på den andre ville han trekka til seg sjåarar ved å visa fram beina på dei usannsynleg pene kvinnelege fjernsynsvertane sine. Mantraet hans var lojalitet, praksisen var «sug meg, elles får du sparken». Og hadde no berre det vore å setja det på spissen!
Den rørsla som starta med filmprodusent Harvey Weinstein, har halde fram med å røra på seg, og Bombshell tek oss eit heilt år før metoo eksploderte i 2017. At Ailes vart felt av sine eigne, utan draghjelp av rørsla og i ein TV-stasjon der feminisme er eit skjellsord, gjer historia endå meir engasjerande og beundringsverdig – og sjokkerande. Enno tillèt eg meg sjølv å verta sjokkert over dei utrulege overtrampa som vert avdekte, gong på gong. Utruleg betyr «ikkje til å tru», men du skal vera bra naiv etter kvart for ikkje å tru det som kjem fram.
Blenda
Noko av det mest appellerande med Bombshell er at rollebesetninga er så til dei grader god, alle er blonde og pene, alle er velartikulerte, alle er heltinner på kvart sitt vis. Akkurat det gjer seg svært godt for å få folk til kinosalen, men det gjer diverre også at ein kanskje vert noko blenda. For det er jo problemet med alle underhaldande dokudrama: Dei vert gjerne unyanserte.
Det er liksom ikkje lov å lata hovudpersonane vera samansette, på godt og vondt. Roger Ailes er frykteleg slem, og dei to kraftsentra Kelly og Carson er meir eller mindre berre helteaktige. Me snakkar altså om konservative, smårasistiske og antifeministiske amerikanske TV-vertar, sånn i røynda. Dette kjem ein så vidt inn på, men til dømes Megyn Kellys bombastiske utsegn om at julenissen må vera kvit, vert bagatellisert og nesten latterleggjord på ein måte som ikkje kler filmen. Men – eg lèt att auga for desse innlysande svake sidene med Bombshell, for på alle andre måtar er filmen kanonbra underhaldning.
Lovely blond
Charlize Theron og Margot Robbie i same film – det er jo nesten for mykje av det gode! Eg vert glad berre av å sjå på dei. Den gode, gamle stjernekvaliteten skin med all sin styrke. Også Nicole Kidman er god som Gretchen Carson, men utan tvil er det Therons film. Og så er det noko med slike heltedrama som gjer at ein må klappa litt i hendene mens ein frydar seg over at ekle kryp endeleg får som fortent. Filmar som Erin Brockovich (2000) og Lovlig blond (2001) dukkar straks opp som gode samanlikningar og favorittar. Eg voks opp med nittitalsfeminisme i blodet samtidig som eg abonnerte på Hollywood-filmblad, så filmar som Bombshell går rett til hjarta på meg.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rollebesetninga er så til dei grader god.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.