Film
Film som funkar
Debuten til Mari Storstein rører, og opnar gluggar.
Ella (Marie Flaatten) forelskar seg i Oliver (Niels Skåber) då ho flyttar heimanfrå for å studere. Ho sit i rullestol og må derfor bu på institusjon.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Ella (Flaatten) skal studere på Lillehammer og flyttar heimanfrå. At ho sit i rullestol, skal ikkje stoppe draumane hennar. Avslag om assistenthjelp for å leve fritt er vonleg mellombels.
Først må ho bu på ein institusjon. Reglane der er strenge. Leggjetid klokka ni passar dårleg i fadderveka. På studiestaden ber Oliver (Skåber) om hjelp til eit naudrim for å spele i opninga av fadderveka. Ella har stjerner i augo. Han verkar òg nyfiken. Studiestart er spennande og gøy.
Perspektivrikdom
Regissør Mari Storstein er ei legende i filmorienterte funkismiljø. Ho har vunne prisar for dokumentarfilmen Brev til Jens (2011) og dokumentarserien Søsken (2017), og den fyrste spelefilmen sikrar ein plass blant norske filmskaparar med særpreg.
Storstein har smidd ein søt film full av kjensler og kunnskap. Stilen er likefram, men nyansane i kameravinklar eller kor blikk og kommentarar er retta, vitnar om arbeidet til ein perfeksjonist. Filmen går inn i ein internasjonal trend dei siste åra der ein ser tydeleg kunstnarisk verdi av filmfolk med unike perspektiv.
Storstein har eit eige blikk, og mykje på hjartet. Det er mange detaljar og opplevingar som skal fram. Eg plar stegle når filmar er didaktiske. Er Min første kjærlighet pedagogisk? Absolutt. Slepp Storstein unna harmen min? Heilt og fullt. Ho formidlar naturleg, og eg lever meg inn i situasjonane. Det handlar om alt frå å måtte greie ut om eigen personleg hygiene til å høyre folk snakke om vedtak, kartlegging og avvik når ein har opplevd ein intim milepåle i livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.