Teater

Fiks livet mitt, dokter!

Nina Lykkes samtidssatire går skarpt og sprekt til scenen.

Tone Mostraum i rolla som legen Elin.
Tone Mostraum i rolla som legen Elin.
Publisert

Forfattaren Nina Lykke har på få år markert seg som ein av våre mest skarpsynte levekårskommentatorar. Romanen Full spredning, som kom for to år sidan, er førebels høgdepunktet, ein slags antilegeroman som avromantiserer legeyrket ein gong for alle og tvert om syner fram legen som det desillusjonerte mennesket – legen som berre ser dekadansen og egoismen hjå det velfødde notidsmennesket og hamnar i si eiga midtlivskrise. Det er ein rå, svart humor i romanen som kan få lesaren til å le med ein trist klump i magen. Og vi får alle passet vårt påskrive.

Skjelettet Tore

Det genuint originale i boka, som nok òg har freista teatermakaren Tyra Tønnesen, er skjelettet på kontoret til hovudpersonen. Skjelettet er vorte ein fantasiven dokter Elin snakkar med. I samspelet mellom Elin (Tone Mostraum) og skjelettet Tore (Herbert Nordrum), som set ramme for dramatiseringa alt i opninga, kjem både innverknadene og konsekvensane i Elins tilvære så glasklårt fram at vi må heie på henne, sjølv når ho går fullstendig på trynet. Mostraum gjer ein herleg desperat studie av ei kvinne på randa av eit paradigmeskifte, og Nordrums skjelett/samtaleterapeut følgjer henne opp med magisk eleganse. I det heile leverer skodespelarane både teknisk-visuelle blinkskot og kjapt oppfatta typar, så som Trond Espen Seim som gjeninnhenta gamlekjærast og Marte Engebrigtsen og Kim Haugen i diverse infame biroller, han òg som hyperaktiv, distré ektemann.

Saknar fortida

Ein roman som vert teater, kan aldri få med alt frå originalkjelda. Denne gongen må vi vedgå at vi saknar litt meir av fortida og bakgrunnen til hovudpersonen Elin, det som i romanen synte oss endå klårare kvifor det gjekk som det gjekk. Dette er trass alt ikkje berre ei ekteskaps- og utruskapshistorie. Og trass i alt det fine skodespelet, litt urettvist er det vel når bipersonane nærmar seg karikaturar. Det er dei eigentleg ikkje i boka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement