Bok

Fetteren til Odradek

Asbjørn Stenmark skriv som ein depressiv Kafka rusa på lystgass.

Asbjørn Stenmark er forfattar, busett i Stjørdal.
Asbjørn Stenmark er forfattar, busett i Stjørdal.
Publisert Sist oppdatert

Krill er vanlegvis namnet til eit lite krepsdyr og favorittmat hjå bardekvalar, men i den litterære verda til Asbjørn Stenmark er det vanlege suspendert, og Krill er ein slags person. Rett nok vert han ved eitt høve mellombels kvalmat, men i kvalmagen møter han eit par fiskar og ein gamal profet, og der inne i kvalen har dei slikt å gjera: «Dagene fordrives med bordtennis og diskusjoner om hvorvidt det er legitimt å si nei til livet.»

Elles lever Krill i lag med ei forferdeleg bestemor, og skulle ein ta teksten for god fisk, ville ein ha sagt at boka skildrar barnemishandling, vald og brotsverk, men alt slikt, og det er det mykje av, vert presentert som om det ikkje har konsekvensar av noko slag. Her er også ein heller ynkeleg engel som tek seg mange røykepausar, og ein djevel i form av ein tysktalande friskus i blå joggedress.

Boka er inndelt i ei uhorveleg mengd stutte kapittel og kan slik sjåast som ei samling kortprosatekstar, men sidan alt handlar om Krill og personane han møter, utgjer korttekstane ein heilskap, med kinaputtsprang hit og dit, som regel ut i det imaginære.

Fantasiar

Kurt Vonnegut jr. meinte at hovudpersonen i ei bok skulle ha lyst på eitkvart, om ikkje meir enn eit glas vatn, og at forfattaren helst burde vera ein sadist, altså at han eller ho ikkje skulle tykkja synd i personane sine.

Stenmark lever godt opp til dette, for det går ikkje så godt med han Krill, men han har eit motiv, noko han vil finna ut av, og det er kva det er som står på ein gul lapp i handveska til bestemora.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement