Musikk
Festspillene ville ta utfordringa med å skapa ein verkeleg minneverdig Peer Gynt, men gjekk utanom.
Seglfly i skum: Herbert Nordrum som Peer Gynt, saman med Ragnhild Hemsing på hardingfele.
Foto: Thor Brødreskift
Under urpremieren på Christiania Theater 14. januar 1876 opplevde hovudstadspublikummet fusjonen som utløyste ein eineståande kunstnarleg energi: Noregs fremste ordkunstnar hadde slått seg saman med Noregs største tonekunstnar for å omskapa det «dramatiske diktet» Peer Gynt til eit «musikalsk drama». Initiativet kom frå forfattaren, og brevvekslinga med komponisten syner kor intensiv og detaljert den to år lange førebuinga var.
Edvard Grieg (1843–1907) kvidde seg for å setja tonar til «dette mest umusikalske av alle sujetter», som han skreiv til Bjørnson. Likevel lét han seg smigra av Henrik Ibsens (1828–1906) ynske om at musikken skulle vera ein viktig og integrert del av den dramatiske samanhengen. Det var altså ikkje tale om eit skodespel med litt musikk til. Det heile var meir eit Gesamtkunstwerk der poesi, dramatikk, musikk, dans, kostyme og scenedekorasjonar skulle sameinast i noko høgare og heilare.
Opningsframsyninga til Festspillene i Bergen var kunngjord som ein «Peer Gynt i full skala», ein produksjon som skulle gje «plass til både teksten og musikken i det norske ikonet Peer Gynt». Slik blei det ikkje. Det var teateret som trumfa over musikken i Grieghallen førre onsdag.
Fullblods lovnad
Det er i si reint instrumentale form Griegs skodespelmusikk er mest kjend, for seinare omarbeidde han nemleg åtte av dei 26 musikknummera til to Peer Gynt-suitar, orkestermusikk som framleis er spelt over heile verda. Peer Gynt blir òg ofte framført som reint skodespel. Men, for å sitera festspeldirektør Lars Petter Hagen: «Stykket spilles sjelden slik de to planla, med tekst og musikk fremført live fra samme scene. Det gjør vi noe med nå, sammen med Griegs eget orkester og Ibsens teater».
Ibsens teater er Nationaltheatret, som Festspillene samarbeider med. Teatersjef Kristian Seltun var òg eksplisitt då han lova ein «fullblods produksjon med de beste aktørene Norge har å by på innen musikk og samtidsteater». Slikt skaper store forventningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.