Festspel

Særeigen dåm

Årets nynorske festspel var det beste eg har opplevd.

Den interessante låtskrivaren Frida Ånnevik frå Hamar spelte den fyrste og finaste av dei tre kveldskonsertane i Ivar Aasen-tunets uteamfi.
Den interessante låtskrivaren Frida Ånnevik frå Hamar spelte den fyrste og finaste av dei tre kveldskonsertane i Ivar Aasen-tunets uteamfi.

Dei nynorske festspela

Årleg feiring av den nynorske skriftkulturen

Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst

Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 27. gong

70 arrangement med kring 200 utøvarar

Årleg budsjett på 2,2 millionar kroner

I 2019 blir festspela arrangerte 13.–16. juni

Med heile 70 arrangement der 200 utøvarar deltok over fire dagar, synte Dei nynorske festspela ei imponerande breidde. Kvantiteten gjekk ikkje på kostnad av kvaliteten i programmeringa, som – slik det er vanleg på Aasen-tunet – hadde det desiderte tyngdepunktet i det litterære, men òg gav minneverdige musikalske og biletkunstnarlege opplevingar.

Dette resulterte i publikumsrekord. Om det var innhaldet i festivalen som gjorde utslaget i år, eller det at han er blitt flytta fram til byrjinga av juni (før har han vore i månadsskiftet juni–juli), er vanskeleg å seia. Det å arrangera festspela tidlegare i juni, slik det òg vil bli gjort neste år, er eit klokt val.

Få kollisjonar

Talet på arrangement var òg auka med 22 i høve til i fjor. Likevel var det få tilskipingar som kolliderte slik at ein måtte velja kva ein prioriterte å gå på, eit problem til dømes vitjarane av Festspillene i Bergen ofte må hanskast med. På dette punktet har Dei nynorske festspela ein strukturell føremon framfor mange andre festivalar: Under Festspillene i Bergen er mest alle arrangementa på kveldstid, noko som gjer at ein vanlegvis berre får med seg to. Men på Aasen-tunet tek dei i bruk heile dagen, noko som eggja meg til å setja min personlege publikumsrekord ved Dei nynorske festspela: 26 arrangement.

Om ein er på festivalen alle dei fire dagane, løner det seg å kjøpa festspelpass, som kostar 1600 kroner, særleg om ein vil få med seg kveldskonsertane, der billettprisen ligg på rundt 400 kroner. Men òg med festspelpass lyt ein reservera plass på førehand, for på somme av dei største arrangementa kan det bli fullt.

Målbar

Spesielt ved Dei nynorske festspela er den særeigne dåmen. For sjølv om han er så stor som han no er blitt, med vitjande frå heile landet, herskar det her ei meir intim stemning enn på tilsvarande festivalar.

Dei fleste tilreisande som treng overnatting, vel Møre Folkehøgskule, som i sommarmånadane er omgjord til pensjonat. Folkehøgskulen er elles meir enn berre ein overnattingsplass – det Aasen-tunet er på dagtid, er Folkehøgskulen på kveldstid. For i peisestova der blir det dei tre fyrste festivaldagane arrangert «målbar» frå klokka elleve om kvelden. Målbarunderhaldninga var framifrå: Fyrste kvelden fortalde avisteiknaren i VG, Roar Hagen frå Ørsta, om det politiske språket i karikaturane sine, andre kvelden sto Heidi Marie Vestheim og Frode Grytten på scena, og tredje kvelden improviserte Herborg Kråkevik og Linda Eide ein samtale om det å veksa opp på bygda, som var noko av det artigaste under heile festspela.