Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FestspelMeldingar

Nordvende festspel

Maria Utsi sette eit solid kunstnarisk punktum for perioden sin som direktør for Festspela i Nord-Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Musikalen Love and the Ocean, ein av mange urpremierar under Festspela i Nord-Noreg og eit døme på korleis det nordlege perspektivet sette sitt preg på festivalen. Musikalen er laga av Andøya-baserte Nikoline Spjelkavik og Viktoria Røysing.

Foto: Roger Hennum / Foto: Festspela i Nord-Noreg

4749
20190705
4749
20190705

Festspel
Agnar Kaarbø

agnarkaarbo@gmail.com

Med Maria Utsi i direktørstolen sidan 2015 har det vore ei klar vending mot det nordlege og det arktiske – eller det sirkumpolare, som er det fine ordet for alt som rører seg langs nordlege breiddegrader kloden rundt. I ei verd med større merksemd om ressurskamp, miljøproblem og minoritetar i desse områda er det eit godt utgangspunkt for kunst og kultur som vil spegle samtida.

For nord

Utsi og den vesle staben hennar har ikkje laga festspel for å bli lagd merke til i sør, men for å skape det ho kallar friksjonsfylte flater. Ho har lagt vekt på å løfte fram noko av det som rører seg i det nordlege Noreg for det nordlege Noreg. Difor har ulike samiske innslag ein markert plass. Det har det vore tradisjon for også tidlegare, men for Utsi, med bakgrunn frå Finnmark og samiske område, har dette vore viktig å halde fast ved.

Ikkje alle desse framsyningane er like minneverdige, men avslutningsballetten Margbein, koreografert av Simone Grøtte med ny musikk av Herman Rundberg, sette seg fast: kraftfull dans kombinert med autentiske lydopptak der menneske fortel om samisk identitet. Ei påminning om glede og stoltheit, men også smerte og skam.

Festspela i Nord-Noreg, 55 år i år, har også nasjonal interesse. Festivalen er den mest omfangsrike i sitt slag etter festspela i Bergen. Festivalstøtta frå Kulturrådet er på heile 12,75 millionar kroner i år. Arrangementet er viktig for kunst- og kulturarbeidarar som vil vise seg fram og utvikle seg.

Programmet i år var på heile 270 arrangement, blant dei ei rekkje urframsyningar. 750 artistar var i sving for eit publikum på 26.000. Både breidde og djupn var imponerande. Breidde er avgjerande for å sikre støtte i lokalsamfunnet, blant sponsorar, publikum og alle dei frivillige som løyser praktiske oppgåver. Så må ein slik festival lodde djupt nok for å skilje seg frå dei mange musikk- og kulturfestivalane landet rundt.

Folket fekk sitt med mellom anna Harstads eige militærorkester i samspel med musikarar og songarar frå Alexandrov-ensemblet, etterkomaren av den raude armés kor og orkester. Eit publikumsfrieri av ei framsyning, men med eit alvor bak. Det historiske bakteppet er at det i haust er 75 år sidan sovjetiske soldatar frigjorde Finnmark. Det aktuelle er sjølvsagt ein skral relasjon med Russland. I fleire arrangement i løpet av veka var dette tema. Mellom anna fortalde tidsvitne om frigjeringsdagane i 1944 og ein oppvekst med eit tett tilhøve til naboane på ei open grense.

For tilskodarar som ville gå inn i kunstrommet for å oppleve, sanse, ja, kanskje delta sjølv, var det nok å ta av. Det var gateteater med spanske Kamchàtka. Dei har vitja Harstad tidlegare, då som no var temaet flukt. På verknadsfullt vis gjer dei tilskodarane til deltakarar, ein effektiv måte å auka refleksjonen på. Harstadværingane kunne òg invitere til framføring av Ibsens Et dukkehjem i eiga stove, utan at dei var klar over at dei skulle spela med. Rykte sa at stykket framleis har sprengkraft som relasjonsdrama.

Noko av den same effekten blei brukt i framsyninga Situation Rooms av det tyske teaterprosjektet Rimini Protokoll. Tilskodarane blir dregne inn i internasjonal våpenindustri og ulike krigssituasjonar ved å vandre rundt med høyretelefonar og nettbrett i labyrintliknande kulissar. Her får vi historiene til folk som lagar våpen, handlar med våpen, brukar våpen og kjempar mot våpenbruk. Imponerande løyst, men det gjorde ikkje så stort inntrykk som eg forventa.

Løfta fram biletkunst

Den nordnorske biletkunsten fekk brei presentasjon i fleire lokale. Med 81 utvalde kunstnarar er det den mest omfattande framsyninga av nordnorsk kunst hittil. For dei som er nysgjerrige på nordnorske kunstnarar, tilrår eg den ferske boka Look North – A horizontal state of mind. Festspelutstillinga i år hadde tittelen native@home kuratert av sør-samiske Carola Grahn.

Ivrige publikummarar kunne i løpet av veka få ei solid stripe scenekunst og konsertar med seg, blant anna jazz av internasjonal klasse, dans og teater, vakker rap i kyrkja på Trondenes og høgtlesing frå Hamsuns Sult. Og ikkje minst var det eit solid program for barn og unge. Der har festspela stolte tradisjonar som døropnar inn til kunst og kultur.

Maria Utsi har sett spor etter seg. No ligg børa på den nye festspeldirektøren. Islandske Ragnheidur Skuladottir er alt på plass i Harstad og truleg godt i gang med programmet for neste år. Det blir spennande å sjå kor ho tar festspela. Eit spørsmål ho må ta stilling til, er om festivalen er blitt for omfangsrik.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Programmet i år var på heile 270 arrangement, blant dei ei rekkje urframsyningar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis