Musikk

Festmusikk med meining

Kvintetten serverer både sprudlande og tett samspel.

Gard Nilssen tok med seg bandet til Ocean Studio på Giske.
Publisert Sist oppdatert

Gard Nilssens Acoustic Unity har i ti år vore sett saman av André Roligheten, Petter Eldh og Gard Nilssen, men for å markera tiårsjubileet inviterte dei tre saksofonistane Kjetil Møster og Signe Emmeluth til eit fire dagar langt opphald på Ocean Studio på øya Giske utanfor Ålesund like før jol i fjor. Alle musikarane fekk beskjed om å ta med seg ein komposisjon kvar. Det er ikkje alle jubileumsmarkeringar som gjev så fruktbart resultat. Great Intentions er ein markblomebukett av vakker musikk og overlegen musisering.

Sju av dei åtte låtane er skrivne av orkestermedlemene, og så har dei laga ei makelaus tolking av Paul McCartneys «Waterfalls», frå McCartney II (1980). Tolkinga er i form ulik, men essensen i låten er særs godt ivareteken. Eg vonar verkeleg at McCartney blir tipsa om låten.

Elles er låtmaterialet svært mangfaldig, frå Nilssens og Rolighetens afro-inspirerte heksegryte «Telemark Twist» via den kjølige, medium tempo «Vinden stiger» av Emmeluth til nemnde sakrale «Waterfalls». Å supplera med to treblåsarar slik at ein i alt har tilgjengeleg sju treblåseinstrument, gjer paletten rikare. Også rytmisk blir instrumenta i det djupare registeret brukt effektivt i arrangementa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement