Teater
Festleg, beisk komedieklassikar
Framleis varm humor i Kleists nasepeik til makthavarar.
Skodespelarane, ikkje minst Ola G. Furuseth som hovudpersonen Adam og Gjertrud Jynge som den fornærma eigaren av krukka, er i storarta komedieform.
Foto: Dag Jenssen
Heinrich von Kleist var ein av den tyske romantikkens viktigaste forfattarar, og den samfunnssatiriske komedien Den knuste krukka er eit av hovudverka hans. I Noreg spela Radioteatret det så tidleg som i 1933, og om att i 1949, men den noverande oppsetjinga på Det Norske er den første presentasjonen av stykket på ei Oslo-scene.
I eit forrykande komisk tempo skildrar stykket korleis ein øvrigheitsperson må oppklare, rettare sagt bortforklare, eit tilsynelatande ubetydeleg brotsverk, og er på spranget til å setje kven som helst i fengsel for å unngå å avsløre sanninga. Det er sjølvsagt han som har gjort brotsverket.
Finurleg, men heilt logisk skrid intrigen fram med nærast eksplosive nærvær av dei impliserte rollefigurane. Oppsetjinga på Det Norske Teatret er visuelt enkel og stilisert, med ein nære på konsekvent frontal spelestil. Skodespelarane, ikkje minst Ola G. Furuseth som hovudpersonen Adam og Gjertrud Jynge som den fornærma eigaren av krukka, er i storarta komedieform, og den oppskrudde stemninga i framsyninga stadfester det kloke, tidlause sparket dramatikaren har til maktmisbruk og overformynderi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.