Musikk
Festivalrevolusjonen
Etter pandemien står Sildajazz fram som ein av dei mest interessante jazzfestivalane her på berget.
Utekonsert med Odd Nordstoga torsdag 12. august.
Foto: Grethe Nygaard
For dei som ber med seg det karikerte biletet av Sildajazz som ein stor folkefest i tradjazzens teikn, må forvandlinga opplevast som eit mirakel. Faktum er at festivalen tok store kunstnarlege og tilskipingstekniske steg både under Gunnar Jæger og under Bjarne Dankel, men gamle mytar er seigliva.
Andreas Risanger Meland tok over som festivalleiar i september 2019. Vanskelegare start kunne han knapt ha fått. Smittevernreglane gjorde at det kunne skipast til ei amputert utgåve av festivalen i 2021, men allereie då kunne ein merka ei endring av profilen. Det overraska for så vidt ikkje. Utgjevingane på platemerket Hubro, som Meland leidde, talte for seg. Han har musikalsk teft og gode kontaktar. Jazz-Noreg var klar for Meland som festivalleiar, men kva med Haugesund og haugalendingane?
Den sosialdemokratiske idealfestivalen skal ha ein høveleg miks av børs og katedral. Festivalen skal vera for alle, og då må folkefesten inkluderast. Maijazz og Nattjazz har late folkefest vera folkefest og konsentrert seg om å laga ein best mogeleg festival. På Voss i palmehelga set vêret klare grenser for folkefest utandørs. Molde og Kongsberg strevar med å balansera dei to omsyna.
Festivalen som tona ut sist sundag, viste at Meland og styret i festivalen har funne eit konsept som gjer alle nøgde. Dei som primært er opptekne av båtlivet og det sosiale, fekk behova sine dekte langs kaien ved Smeasundet. Her var det buer og gratiskonsertar, og i godvêret var det trongt om plassen.
For dei av oss som er på festival primært for å høyra musikk, har festivalen funne spanande lokale som Bystyresalen, Bedehusets Bar & Bazaar, Kulturkirken Skåre, Haugesund billedgalleri og Bibliotekparken, i tillegg til tradisjonsrike Høvleriet. Ikkje berre har Meland og programnemnda booka eit spanande program, men dei har kopla musikken med alle dei særprega arenaene på ein gjennomtenkt måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.