Festival for nordisk samtidslyrikkAudiatur byr på ei imponerande og grenseoverskridande oppvisning av aktuell poesi.

Audiatur byr på ei imponerande og grenseoverskridande oppvisning av aktuell poesi.

Maarit Mustonen, som er busett i Helsingfors, arbeider med installasjon, performance og tekst.
Maarit Mustonen, som er busett i Helsingfors, arbeider med installasjon, performance og tekst.
Publisert

I høve Audiatur – Festival for ny poesi 2018 som blei arrangert i mai i Bergen, kom desse fem antologiane med nyskriven nordisk samtidslyrikk ut, med poetar frå Finland, Sverige, Danmark, Island og Noreg. Kvar diktantologi har ein egen landsredaktør som fritt har valt ut og invitert fire unge lyrikarar frå sine respektive land, tjue poetar til saman. Dikta frå dei nordiske landa er omsette til norsk. Dei fem bøkene har ulike tonar av blått på omslaget og blir haldne saman av eit raudt papirbelte.

Imponerande parade

I seg sjølv er dette ein imponerande parade, og utgjevinga er også eit uttrykk for at det på poesiområdet eksisterer kontakt og utveksling over dei nordiske landegrensene. Omgrepet «ung lyrikar» er ein nokså elastisk kategori i denne samanhengen, for her finst til dømes den iransk-svenske poeten Jila Mossaed, fødd i 1948, og Lars Häger, som er fødd i 1958.

Det som framfor alt pregar dei fem antologiane, kanskje overraskande for somme, er den store uttrykksvariasjonen og evna til å skride over kategoriane og grensene. Diktantologiane verkar ikkje dominerte av éi estetisk norm, snarare er det her ein vilje til å setje ulike prosjekt, røyster og tradisjonar saman. Det vert til eit digert, polyfont kor.

Ser ein på den islandske antologien, redigert av Eirikur Örn Norddahl, finn ein den eksperimentelle poeten Jón Örn Lodmfjörd. Tidligare har Lodmfjörd arbeidd med datamaskingenerert poesi og rapportane til styresmaktene om den islandske bankkollapsen i 2008, men her omskriv han på morosamt og sorgfullt vis diktet «Sorg» frå 1908 av Jóhann Sigurjónsson som «funksjon på innbilt programspråk». Samstundes er det gjort plass til ein meir tradisjonell poet som Haukur Ingvarsson som i bidraget sitt, «Alt synker», vev saman dei store samtidsspørsmåla, smeltinga av polisen og immigrantane som druknar i Middelhavet, med episodar frå eige liv.

Mangfaldig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement