Bok
Felemakar på jorda
Edvard Hoems soger om folk i forne tider pustar og lever.
Edvard Hoem fekk Brages heiderspris i fjor, og i år vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for framståande innsats for norsk litteratur og kulturarv.
Foto: Paul Audestad
Felemakaren er den sjette romanen frå Edvard Hoem der forfattaren gir dikterisk liv til menneske i eiga slekt, serien vart innleidd med Slåttekar i himmelen i 2014. Interessa for forne tider hadde Hoem tidleg, i Heimlandet barndom frå 1985 dukkar nokre av personane i serien opp.
Felemakar Lars Olsen Hoem var frå garden Hoem i Fræna i Romsdal. Han reiste tidleg ut i verda, men kom seg heim att og vart ein gjæv felemakar som laga rundt fem hundre fiolinar. Tretti av dei er bevarte. Diverse kjelder – arkiv, kyrkjebøker, militære dokument, fangeprotokollar – gir faktabakgrunn og ytre rammer for livet til Lars. Hoem diktar vidare og skriv fram eit heilt liv, og med det ei verd og ei tidsånd. Den som les, får tillit til truverdet i forteljinga ved at forfattaren ikkje held noko tilbake når det gjeld kjeldene, men nemner dei opent både i etterordet og innfletta i historia undervegs. Grepet gir også eit innblikk i korleis arkivaren og diktaren i forfattaren har gått i tospann for å skape Lars’ historie.
Krig og dramatikk
I barndomen er Lars særleg knytt til storebroren, men forholdet mellom dei blir øydelagt av noko dramatisk som hender med ei tenestejente. Dei to blir ikkje vener att medan Lars bur heime. Lars kjem seg snart ut i verda. Som så mange unge gutar som har vakse opp langs ein kyst, drøymer han om å kome seg om bord på ei skute og sigle langt av stad. Han kjem seg til sjøs, men som soldat – det vil seie som roar i Det romsdalske Compagnie. Og han må byrje til fots, gå frå Molde til København.
Dette er under Napoleonskrigane, Danmark-Noreg var med Frankrike mot England. Snart kjem Lars med i det dramatiske slaget i Københavns red i 1801, og skakande og grufulle opplevingar set seg fast hos ungguten. Krigsinnsatsen endar i eit fangetilvære, i fem år er han om bord på eit fangeskip. Det er brutale tilhøve, og han undrar på om livet er verdt å leve. Midt i denne vonløysa er det han finn livsvegen sin: Han får kontakt med ein franskmann som lærer han kunsten å lage fiolinar.
Vel heime kjenner ikkje familien han att, han er blitt ein annan. Lars drar av stad på ny, men ikkje lenger enn til Kristiansund. Det er harde tider, strev og motgang. Armoda forsvinn aldri heilt frå livet til Lars, og mykje blir annleis enn han drøymde om. Med tid og stunder ordnar likevel mangt seg til det beste. Han får seg hus og heim med kjerring og mange døtrer, og han blir det han så lenge drøymer om å bli: ein vidgjeten felemakar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.