Felebok for salongbordet
Ei fele er ei fele. Å nei då. Ei fele kan heite Sigrid, Liv eller Brita, Fjellmøy eller Veslemøy, Myllarfela eller Pantefela.
«Hellandkanono». Legg merke til dei kvite plastikklistene på gripebrettet.
Foto: Gunnar Stubseid
Ei fele kan vera ein dyrgrip, eit bondemøbel, ei handelsvare, ein reservekapital, oppflisa opptenningsved, eit danseinstrument, gamaldags popikon, eit sceneshow, ei heil forteljing.
Forteljing har det vorte, 50 forteljingar om like mange feler, samla inn og skrivne ned av Gunnar Stubseid, spelemann og tidlegare rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss. Felene han skriv om, er laga mellom 1750 og 1950. Og fele, det er hardingfele, ikkje flatfele. Så heiter då også boka Legendariske hardingfeler.
Var dei ikkje legendariske før, så kan dei bli det no. I tillegg er nokre av felene klassiske, skriv Stubseid, klassiske på den måten at dei har vorte mønster og modellar for felebyggarar, klassiske ved at mange av felene er knytte til kjende spelemenn.
Helland-felemakarane
Stubseid skriv at han tidleg fekk interesse for felemakarnamn som Helland, Frøysaa og Gjøvland. Og meir enn halvparten av felene i boka er det vi kan kalle Helland-feler.
Men før det, først, kjem naturleg nok felemakar Isak Skaar eller Botnen, slik midt på 1700-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.