Bok

Feilslått empati

Marita Fossums hovudperson er fatalt splitta.

Romanen er den sjuande Marita Fossum har skrive.
Romanen er den sjuande Marita Fossum har skrive.
Publisert

«Trolig er det tydelig at jeg er en innenfor som prøver å være utenfor», seier Gullemor, Fossums særs originale hovudperson, om seg sjølv. Denne erkjenninga kjem eit godt stykke ut i boka, etter eit heller mislykka prosjekt i det ho kallar sjølvmarginalisering, men som tek form av sjølvfornedring. I ein ganske feilslått empati har ho kome til at det er feil at nett ho skal leve eit godt og trygt liv, når så mange ikkje har det slik. Ho vil leve «på kanten» og tar ei drastisk avgjerd: Ho vil prostituere seg – i kombinasjon med filosofiske samtalar. Men – som ho òg seier om seg sjølv – ho har dårleg gjennomføringsevne, og det blir ikkje så mykje ut av det.

Gullemor er ein svært litterær karakter, ein typisk «hjernehelt» eller helst antihelt, og ikkje heilt realistisk. Den sosiale hjelpeløysa hennar og den usunne bindinga til ein forelder har ho til liks med til dømes Ingvar Ambjørnsens Elling, og med denne forfattaren også humoren i romanen. Men Gullemor er både meir studert og utstudert enn Ambjørnsens populære figur. Når ho vandrar gatelangs i Oslo og observerer og opplever, minner ho meir om den heil- og halvsprø hovudkarakteren i Sult. Framandgjering er eit viktig stikkord. Romanen tematiserer eksistensielle spørsmål, noko understreka ved at Sartre stadig kjem opp i Gullemors tankar – ho har ei ufullført hovudfagsoppgåve om han.

For store antenner

Under lesinga av dei første sidene lo eg mange gonger høgt, her er mange ustyrteleg komiske episodar og utsegner frå den veldig rare Gullemor. Det komiske ligg mellom anna i avstanden mellom Gullemors intensjonar og kva ho får utretta. Etter kvart får heile romanen ein meir alvorleg tone. Gullemor er klønete sosialt, men særs inntrykksvar. Når ho litt ute i boka byrjar ta inn også meldingar frå universet, går det heilt i ball for henne.

Gullemor er framand både for verda og for seg sjølv. Ho er nok reflektert, men samstundes fullstendig umogen. Noko har tydelegvis gått sundt inne i henne og ført til ei fatal splitting mellom refleksjonsnivå og handlingsevne. Vi får nokre tilbakeblikk til barndomen og kan få noko av forståinga av korleis ho har blitt som ho har. Men dette er ikkje først og fremst ein psykologisk roman.

Empati på syre

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement