Fascinerande detaljrikt om bålAll ros til dei i forlaget som var galne nok til å få omsett og gjeve ut denne sære svenske boka.
All ros til dei i forlaget som var galne nok til å få omsett og gjeve ut denne sære svenske boka.
Ibb-Anna Rassa (fødd 1927) er ein av dei mange informantane til Ryd. Her brenn ho jårbukdållå – eit bål som brenn seint i timevis.
Alle foto: Yngve Ryd
Dette er boka for alle skog- og fjellfolk som likar å tenna bål når dei er på tur. Her får dei 400 sider med detaljert kunnskap om bålbrenning fortalt av eldre nordsamar og lulesamar i Jokkmokk i Sverige.
Yngve Ryd møtte dei om att og om att tidleg i 1990-åra og spurde og grov om detaljar. Til slutt hadde han 4000 tettskrivne notatsider og var klar til å skriva denne boka basert på samtalane. Han nytta ingen skriftlege kjelder – for dei fanst ikkje.
Her får du vita alt om små og sære detaljar om bålbrenning. Detaljar som er avgjerande om ein skal meistra alle dei ulike situasjonane som kan oppstå når ein skal tenna eit bål.
Våt råvier
Korleis tenna bål av ein vindfelt furustubbe? Kor mange stokkar er best når du skal laga nattbål? Eller korleis tenna bål seint på hausten av råvier som stikk opp frå nysnøen over skoggrensa, der borken på vieren er fastfrosen og sit som limt mot treet – og du har gått tom for tørr tennved?
For det går an å få fyr på eit bål i ein slik situasjon òg. Få bort snøen og legg eit tjukt lag med ris på bakken. Skjer så spon av ein tomme tjukke vierstammar. Det trengst ein del slik spon, mindre enn som eit kråkereir, men meir enn som eit trastereir. Kniven må vera sylskarp, og sponen skal skjerast tynn som papir og vera eit par desimeter lang. Skjer langsmed mønsteret på pinnen, som må vera kvistfri. Og skjer frå toppenden mot rotenden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.