Bok
Fascinasjon og vidsyn
Hans Petter Blad har skrive ei framifrå intellektuell kjærleikserklæring til fransk kultur.
Hans Petter Blad skriv om Paris.
Foto: Katharina Barbosa
Lesing, lytting, observasjon og tenking er investering i kompetanse til å forstå både det som ligg føre på yta, og det av substansen som det utvendige røper. Ein kan læra seg å sjå fenomen i samanheng, men evna til assosiasjon, som gjer opplevingane samanhengande der dei for andre tykkjest partikulære, veks med kunnskapsnivået, og kunnskapen kjem ikkje utan innsats.
Soge og samanheng
Hans Petter Blad skriv om Paris på ein interessevekkjande måte. Den nye boka hans er kategorisert som roman, men kan like gjerne kallast ein serie informale essay der Blad, varsamt kamuflert som forfattaren Lukas Hørslev, er cicerone for lesaren gjennom ein verdsby som ikkje vert observert som stilleben, men som ein dynamisk prosess med soge og samanheng. Samstundes er det skjønnlitterære alibiet også bortimot vasstett, sidan forfattaren, eller forteljaren, også ser det moglege, og ikkje berre det som ligg tydeleg føre, som når han seier om ein kelner at han «mumlet fram sine forslag og anbefalinger, uten å ta blikket fra døren, som ventet han hvert sekund å skulle arresteres for forbrytelser han ikke kunne huske å ha begått.» Andre gonger ser han kanskje ikkje heilt rett, som når han ved observasjonen av nokre menn i bøn meiner å sjå åndeleg kontemplasjon. Den automatiserte handlinga er vel heller ritualets diktat.
Boka er skriven lysande klårt, med reine, elegante setningar. Kvaliteten på prosaen kan minna om Pål Norheim, sjølv om teksten er mindre poengtert, og meir nyansert hjå Blad, og ikkje risikabel på nokon måte, det vil seia at han ikkje diskuterer farlege spørsmål om samfunnet. Han er dessutan atterhalden, noko som kjem fram i dei mange innskotne setningane og parentesane, ein av dei, som tek til øvst på side 88, er endåtil utan slutt, og sjølv om det neppe er intendert, høver det på subtilt vis med inntrykket eg får av Lukas Hørslev, litt på sida av det røynlege, i sin eigen, parentetiske kommentatorboks der det siste ordet enno ikkje er sagt.
Glitrande anekdotisk
Det er ei ekte kjærleikserklæring me får servert i denne boka, og såleis kjem Lukas stundom farleg nær ei stereotyp framstilling av forfattaren som reisande estet med eit privat kjærleiksforhold til Paris, ein hadde ikkje vorte overraska om han avslørte sidesprang med ein vingard i Provence eller eit eventyr med ein landsby i Albania, for det er eit element av eksotisme sjølv i den begeistringa Hørslev underbyggjer med kunnskap og vidsyn, og det skal ein vera varsam med. Det eksotiske suspenderer den kritiske sansen. For tida går det til dømes ein flott naturfilmserie på NRK, om Serengeti, der mange av dei ville dyra har personnamn som verkar røynlege i sin framandarta venleik. Det hadde fungert annleis om to rivaliserande bavianar i serien fekk namna Leif og Kåre, eller om ei profilert gepardmor vart kalla Gudrun. Det framande, også i franske namn, tykkjest å tilføra ein ekstra kvalitet til staden, tingen, fenomenet. Den kvaliteten kan ikkje isolerast, men Blad/Hørslev prøver likevel å formidla han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.