Bok

Farleg begjær i Belfast

Louise Kennedy går på innsida av nordirsk smerte.

Louise Kennedy voks opp i Belfast og har arbeidd som kokk i 30 år. Ho skreiv for ymse aviser før ho debuterte med ei novellesamling. No har ho skrive den første romanen.
Louise Kennedy voks opp i Belfast og har arbeidd som kokk i 30 år. Ho skreiv for ymse aviser før ho debuterte med ei novellesamling. No har ho skrive den første romanen.Louise Kennedy voks opp i Belfast og har arbeidd som kokk i 30 år. Ho skreiv for ymse aviser før ho debuterte med ei novellesamling. No har ho skrive den første romanen.
Publisert Sist oppdatert

Roman

I ei tid som ser ut til å gå meir og meir av hengslene, kan det kanskje vere ei slags mager trøyst å lese om ein valdeleg konflikt som fann ei forsonande løysing til slutt. «The Troubles» er det underspela namnet på den brutale konflikten som prega Nord-Irland i tre tiår.

Frå slutten av 1960-åra kjempa katolikkar mot protestantar (men konflikten handla om politikk, mindre om religion), fram til ein vellukka fredsprosess tok til i 1998. Då la etter kvart IRA ned våpena sine, og dei britiske styrkane trekte seg ut. Borgarkrigen, som dette i realiteten var, tok livet av minst 3500 menneske, over halvparten av dei var sivile.

Louise Kennedy går rett inn i og tett på krigshandlingane, brettar dei ut for oss med bitre og blodige detaljar. Det er meisterleg skildra av ei som sjølv var til stades. Forfattaren har ein liknande bakgrunn som hovudpersonen i boka, den unge barneskulelæraren Cushla.

Knivsegg

Katolske Cushla bur saman med mora si Gina i eit «blanda» område utanfor Belfast der familien driv ein pub. Bror til Cushla er dagleg leiar etter at faren er død. Eamonn er framstilt som ein lite medfølande type, men ein skjønar snart at det er omstenda som har gjort han slik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement