Kunst

Fargerikt

Utsnitt frå lilleputverda Caribanien.
Utsnitt frå lilleputverda Caribanien.
Publisert

Sven-Harrys konstmuseum opna i 2011, grunnlagt av kunstsamlaren og byggherren Sven-Harry Karlsson. Utstillingssalane strekker seg over tre etasjar. Oppå taket er det ein skulpturpark og forunderleg nok ein kopi av heimen til samlaren, møblert og fylt med verk frå den private samlinga.

Sommarutstillinga «Peter Dahls världar» gir innblikk i eit turbulent og fargerikt kunstnarskap som strekker seg over meir enn sytti år. I Sverige har kunstnaren Peter Dahl (f. 1934) sidan 1980-talet vore ein av dei mest folkekjære kunstnarane.

Peter Dahl flytte til Stockholm som barn saman med foreldra, men heldt nær kontakt med farmora på Ekely i Oslo. Her budde også onkelen, grafikaren Chrix Dahl (1906–94), som fekk stor innverknad på han. Familien er ikkje i slekt med J.C. Dahl. Trass i fleire utstillingar i Noreg og innkjøp til mellom anna Nasjonalmuseet, er han likevel lite kjend her til lands.

Peter Dahls världar

Det første utstillingsrommet skil seg ut frå resten. Her vert vi kjende med lilleputtverda Caribanien, eit livslangt prosjekt med å bygge opp byar og landområde. Menneska og dyra er støypte og måla i tinn. Til saman skal det vere 30.000 tinnfigurar. Husa er levandegjorde med noggranne detaljar. Han gav jamleg ut aviser og laga detaljerte kart over landområda og byane i Caribanien.

Her viser Dahl fram ei fri og leiken side. Men kvar endar leiken, og kvar tek alvoret til? Han har skapt ei parallellverd til vår, på underfundig vis formidlar han korleis folka møter tilsvarande utfordringar og gleder som vi. Dei små husa og mylderet av menneskeskapnader i smått format gjer det kanskje lettare å sjå dei store linjene i eige liv. Prosjektet liknar lite anna eg har sett. Det som er utstilt, er berre eit lite fragment. Eg skulle ønskje dei hadde sett av heile rommet til dette fengslande verket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement