Kunst
Fargerikt i svart og kvitt
«Constraint» (1976) av Elaine Shemilt.
Då eg gjekk inn i utstillinga og møtte vegg etter vegg som var dekte med små foto i svartkvitt, vart eg mo i knea. Eg er så van med at samtidskunsten ropar mot oss på lang avstand, med kraftige fargar og omfattande format. Men desse arbeida er frå ei tid som rett nok ikkje ligg så langt attende, men som vil ha oss nærare før dei talar med oss. Då eg kom nærare, såg eg at ein slett ikkje treng å ruve i storleik for å gjere inntrykk. Snart var eg djupt inne i eit eige univers, og der vart eg verande, eg gløymde tid og alt av avtalar. Sjølv om 200 kunstverk høyrest svært mykje ut, gav utstillinga heller meirsmak enn kjensla av å ha forete seg.
Tema for utstillinga er feministisk kunst frå syttitalet. Alle verka er lånte inn frå kunstsamlinga til firmaet Verbund. Verbund er det største kraftselskapet i Austerrike, og det har bygt opp ei omfattande kunstsamling. Sidan 2010 har utstillingar baserte på samlinga blitt viste på kunstinstitusjonar over heile Europa.
«KVINNE – 1970-tallets feministiske avantgarde» er kuratert av Gabriele Schor, som er leiaren for samlinga, og Hanne Beate Ueland og Vibece Salthe ved Stavanger kunstmuseum. Utstillinga skal vidare til Brno i Tsjekkia og New York.
På eigne premissar
Her vert ein kjend med leiande feministar frå 1970-åra, som på imponerande vis braut opp fastmeisla fordommar i kunsten så vel som i samfunnet. Fellesnemnaren for dei 48 kunstnarane i utstillinga er at alle bruker eigen kropp som verkemiddel. Gjennom å iscenesette seg sjølv stiller dei spørsmål ved dei snevre og stereotype rollene kvinner vert pressa inn i, og prøver ut nye. Auga er som regel retta direkte mot oss med konfronterande blikk. Eitt eksempel er fotoserien «Constraint» (1976) av britiske Elaine Shemilt. Verket er ein reaksjon på at skulpturlæraren hennar hevda at det ikkje var råd å vere både kunstnar og kvinne. Ho svarar med å surre seg sjølv fast, til ho er heilt utan handlingsrom, men paradoksalt nok dermed har skapt ein skulptur av seg sjølv. Her viser ho på ironisk vis til den klassiske nakne kvinneskulpturen, tolka gjennom nyare kunstformer. Såleis ler ho av at skulpturlæraren har sove i timen.
Den britisk-amerikanske kunstnaren Penny Slinger er mykje meir konfronterande med serien «Wedding Invitation» (1973). Her ser vi henne inni ei bryllaupskake. Når brudgommen på tradisjonelt kuttar opp kaka, vert lite overlate til fantasien. Ho set såleis spørsmålsteikn ved om rituala kring bryllaupet fremjar patriarkalske strukturar. Ho spelar på forventninga om kvinna som den passive parten, klar til å nytast. Samstundes er ho slett ikkje eit offer, tvert om verkar det som om ho nyt situasjonen, brudgommen viser seg også vere kvinne. Vi vert vikla inn i ein absurd leik med symbol og fordommar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.