Musikk

Fargerike jazzbilete

Det osar autoritet av samspelet til kvartetten.

Dag Arnesen, Sigurd Steinkopf, Elisabeth Lid Trøen og Ole Marius Sandberg utgjer kvartetten Trøen/Arnesen.
Publisert Sist oppdatert

Endeleg er det duka for ei ny plate med Trøen/Arnesen-kvartetten. Debuten, Thread Lightly, kom i 2021. For fire år sidan hadde Dag Arnesen signert åtte av dei ti låtane. No har Elisabeth Lid Trøen komponert alle ni. Likevel har dei to platene eit visst kompositorisk slektskap.

Lyrisk

Både Trøen og Arnesen har sansen for den lyriske melodien, låner gjerne frå folkemusikken og har båe sans for humor som tidt finn plass i musikken. Båe likar dei å leggja inn overraskande vriar og vendingar. «A Sunday Hike» er eit døme på ein låt som like gjerne kunne bore Arnesens signatur.

Låtane blei tinga av festivalane Jazzfest, Vossa Jazz og Oslo Jazzfestival i 2022, og det er lett å høyra at bandet har fått høve til å koma skikkeleg på innsida av materialet.

Samarbeidet mellom Ole Marius Sandberg og Sigurd Steinkopf er noko som løftar denne innspelinga jamført med debuten. Båe bidreg solistisk. Soloen til Steinkopf på «Modalen» er eit studium verdt, og Sandberg viser seg fram frå si mest lyriske side i koret på «Early Morning Song» og introen på «Turbulence».

Solid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement