Bok
Får folk i tale
Høegh gjennomfører prosjektet sitt med stor kunnskap og på ein unorsk måte.
Elida Høeg er journalist og skribent, busett i Barcelona.
Foto: Ángel Valiente
I forordet presenterer forfattaren si eiga tilknyting til Barcelona, og bokprosjektet «går ut på å sette seg ned med ulike mennesker, skru på opptakeren og lytte». «På de neste sidene får folk tid til å fortelle hva som står på spill for dem, og hvorfor de handler som de gjør.»
Fire kapittel
Direkte og uformidla forteljingar til opptakaren, kan det sjå ut til, og så er boka også noko meir. Ho er delt i fire kapittel, i kronologisk orden og med definert konflikt:
«2008–2011: Å bli kastet ut hjemmefra» fortel om bustadbobla og krisene som oppstod då ho sprakk, og om folk som vart kasta ut or bustaden sin i Barcelona.
«2011–2014: Å okkupere en plass» fortel om då dei som mista heimen sin, gjekk saman på Placa de Catalunya med gjeldsoffer, arbeidslause, studentar og aktivistar og mobiliserte til kamp mot lokal og nasjonal sparepolitikk og korrupsjon.
«2014–2017: Å presses ut av sentrum» dreier seg om kamp mot turistifisering, gentrifisering og privatisering av offentlege rom i sentrum av Barcelona.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.