Teater

Fantasi om Shakespeare og kjærleiken

Visuelt og musikalsk vakker, men noko overlest komedie.

Jan Gunnar Røise og Ine Marie Wilmann i hovudrollene.
Jan Gunnar Røise og Ine Marie Wilmann i hovudrollene.
Publisert

Filmen Shakespeare in Love var ein stor snakkis for tjue år sidan, ein produksjon det vart dryssa mange Oscar-prisar over, og som vi alle måtte sjå. I høve til den vel vanlegaste oppfatninga av William Shakespeare, som ein eldgamal diktarfossil frå hine tider, var det eit morosamt trekk å syne han som ein vakker, ung og potent mann i hans eiga tids kreative London. Men utover det gjorde ikkje filmen like ugløymeleg inntrykk på oss alle. Når vi no får sjå sceneversjonen så lenge etter, oppdagar vi for det første kor lite vi hugsar frå filmen, og gjev det ikkje ei litt illevarslande kjensle: Var eigentleg dette sujettet stort meir enn ein einsleg sving med tryllestaven?

Uvørden stil

Nationaltheatret har satsa stort på denne oppsetjinga. Scenografien er storslegen og mangslungen, og kostyma, signerte Anette Werenskiold, er flotte og overtydande. Skodespelet er ramma inn av vakre, tidsriktige songinnslag med ein glimrande kontratenor (Daniel Sæther) i spissen. Skodespelarane leikar seg viltert på scenen gjennom konfliktar anten det gjeld erotikk eller forretningar.

Likevel har ikkje denne framsyninga den store energien ho gjev seg ut for å ha, ikkje i høve til bombardementet av inntrykk. Det er generelt ein litt for slentrande og uvørden stil over både replikkføring og sceniske arrangement, som aldri lèt oss gløyme kjensla av norske notidsskodespelarar som leikar engelsk mellomalder. Vi får aldri lov til å leve oss heilt inn i tida og handlinga. Og det burde vi jo, for dette ikkje nokon uinteressant historisk epoke. Scenekunsten stod i ein langt skarpare og farlegare relasjon til politikken og samfunnslivet enn i dag, og det at kvinner ikkje kunne opptre på teater, må ha skapt mange utfordringar for båe kjønn, både på scenen og i salen.

Ingen dum idé

Nokon dum idé er det ikkje, å snikre saman ein intrige om ei ung kvinne som kler seg ut som mann for å få spele kvinneroller på Shakespeares teater – for så å la Shakespeare bli forelska i henne. Det er nett ein intrige i Shakespeares eigen stil. Dei to hovudpersonane, Shakespeare sjølv (Jan Gunnar Røise) og jenta han fell for, Viola (Ine Marie Willmann) spanderer mykje sjarm og varme på publikum, og det skal seiast, den utprøvande fasen i stykket, der dei to byrjar å oppdage kvarandre, er både den morosamaste og den mest spanande stunda i stykket. Men den poetiske dimensjonen får etter kvart mindre og mindre plass i biletet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement