Fanga av fienden

Endeleg skal vi få avslørt kven det er som gjorde ende på den norske arbeidarklassa. For arbeidarklassa finst ikkje lenger. Det er berre Frank Tverrli att.

Publisert Sist oppdatert

Roman

Kjartan Fløgstad:

Magdalenafjorden

Gyldendal 2014

Sterkodder heitte ein figur i norrøn mytologi. Han var ein kjempesvær kar og uovervinneleg i kamp. Odin hadde gjeve han seks manns styrke og tre manns liv. Men Tor hadde agg til Sterkodder og forbanna han slik at han med all sin styrke aldri kunne vinna korkje gods eller gull og var dømd til evinneleg strid. Sterk-odder er komen attende, i skapnaden til Frank Tverrli, ein av hovudpersonane i Kjartan Fløgstads nye roman Magdalenafjorden. Overmenneskeleg diger, stor som eit fjell, med kraft til å lyfta ein bil eller to og snu dei med hjula opp. Forstå språket til fuglane kan han òg.

Men endå om han attpåtil er ein likande kar, vert det ikkje noko ut av Frank. Det vert ein evig strid, ei vandring i verda utan rast eller ro. Som andre i familien vert han hardt råka av lagnaden. Farfaren overlevde som friviljug i den spanske borgarkrigen, men døydde i tysk bombeåtak på Narvik. Faren omkom ved ei arbeidsulukke i smelteverket på Sørvestlandet. Mora misser vitet. Og Frank sjølv vert offer for ei samansverjing av CIA, spanske frankistar, det internasjonale sjømannsforbundet og norske skipsreiarar. Med så mektige krefter mot seg finst det ikkje nokon fristad i verda for Frank Tverrli.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement