Eg har tidlegare skrive om ein del ulemper med bruk av mobiltelefon på museumsbesøk. Han kan svekkje konsentrasjonen, så vel som minnet. Men bruker vi teknologien rett, vert han nyttig. For tida vert det forska og eksperimentert intenst på korleis skape gode opplevingar gjennom datasimulering.
Det er fleire år sidan kunstmusea kasta seg på trenden. Fleire av dei mest kjende musea i verda lèt deg ta såkalla virtuelle turar gjennom utstillingane. Då sit du heime og navigerer deg gjennom salane på di eiga datamaskin. Du kan granske detaljar på kunstverka og hente inn tekstar og filmsnuttar.
Tilbod som Google Art & Culture gjer at elevar kan besøke museum som er relevante for undervisninga, når som helst og utan kostnader. Dette er særleg gunstig i Noreg, som ligg langt unna dei internasjonalt kjende utstillingsstadene.
Samstundes er det klart at virtuelle aktivitetar ikkje erstattar kjensla av å vere på ei ustilling. Derfor tilbyr stadig fleire museum omvisingar der du deltek via eit nettbrett som er festa til ein såkalla telepresence robot. Du styrer kvar roboten skal gå og kva han skal vise deg. Eit nettbrett som er montert øvst på roboten, viser dei andre i omvisingsgruppa ansiktet ditt. Når dei ser auga og mimikken din på skjermen, vert det lettare å føre ein samtale med deg. Såleis kan du snakke med omvisaren så vel som dei andre deltakarane i gruppa. Dermed vert opplevinga av å vere til stades mykje meir realistisk.
Éi gruppe som har omfamna tilbodet, er dei som er isolerte, gjerne grunna langvarig eller kronisk sjukdom. I tillegg til å oppleve nye utstillingar ute i verda vert den sosiale delen svært viktig. Roboten lèt dei vere del av ein fellesskap og få fruktbare diskusjonar frå sjukesenga.
Dersom pasienten har dårleg taleevne, kan han bruke tastaturet, og roboten vil snakke for dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.