Bok

Evig fortid, uviss framtid

Inghill Johansen skriv klokt om det uhandgripelege.

Inghill Johansen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Inghill Johansen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.
Publisert

Kor røynleg er tida, og kva er eigentleg tid? I dei kvantemekaniske labyrintane, der få vågar seg inn, men kjem færre ut både før og etter, kan det sjå ut som tid og materie er svingingar i og eigenskapar ved eit endelaust felt, og elementærpartiklane er berre til når dei vert observerte.

Slikt kan føra til svimlande tankar om alt og inkje, heilt til ein forstuvar stortåa mot dørkarmen og tenkjer at det er no eitkvart som eksisterer lell. Så får ein gjerne ein visjon om at framtid, notid og fortid er like lite røynlege, til ein ser dette: Berre fortida har varig status. Eller som Brand sa det: «Evig eies kun det tapte.»

I den nye boka til Inghill Johansen vert det som har vore, presentert som ein serie av ulike notider. Her møter me ei kvinne som fortel om slekta si i byen eller tettstaden G. No er det slik i G, i neste no annleis, og forfattaren får, ved kloke val og presise ord, lesaren til å sjå det uhandgripelege som noko røynleg.

Ein eigen rytme

Om ein tenkjer på alt som vertikale rørsler, er minnet noko som stig, og opplevinga eitkvart fallande, og just stigande og fallande rørsler er det som er temaet i denne fine romanen, anten det gjeld dei magmatiske bergartane i G (slike har storkna før dei nådde yta), eller flytting mellom to etasjar i huset der forteljaren bur. Slik får teksten eit bylgjepreg på innhaldssida, med ein eigen rytme i hendingane, medan stilen er meir jamt flytande og nøkternt observerande.

Det er også ein slags distansert komikk i denne boka, ikkje ved ordspel, barokke scener eller humoristiske skråblikk, men der stilen er presis, observerande og usentimental, er det noko litt naivt i somme av handlingane, det menneskelege er attkjennande i det forteljaren og andre gjer, medan skrifta om det registrerer utan å falla for freistinga til ytterlegare kommentarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement