Bok

Evangeliet etter Judas

Kristian Klausen har skrive ein interessant roman om det sosiale ansvaret kunstnaren har.

Kristian Klausen har skrive sju bøker.
Kristian Klausen har skrive sju bøker.
Publisert

I novella «Tre versjoner av Judas» skriv Jorge Luis Borges om ein forskar som meinte at Judas var den eigentlege frelsaren, sidan han tok på seg rolla som den absolutte svikaren for æva. Å døy på krossen var lite i samanlikning.

I romanen Dagbøkene 1996–2018 av Kristian Klausen kan ein finna motiv som tangerer den same ideen på fleire punkt. Ein namnlaus hovudperson har skrive ned så å seie alt han har tenkt og opplevd, ikkje minst kva han eigentleg meiner om folk han har hatt noko med å gjera, i dagbøker gjennom 22 år. Han har også skrive eit par novellesamlingar, og med god hjelp frå forlagsredaktøren sin kjem han fram til at dagbøkene bør publiserast uredigerte, samla i eit verk på tretten tusen sider.

Julemotiv

Hovudpersonen hjå Klausen får ikkje noko namn i romanen, etter det eg kan sjå, men me får vita at mor hans vart vitja av ein engel ni månader før han kom til verda, og at han vart fødd 24. desember i 1971, just som Klausen sjølv. Difor kunne han kanskje heita Kristus Santaklausen? Mora meiner dessutan at det ligg ein metafysisk plan attom eksistensen til sonen, dagbøkene er ei gåve til manneætta. Tradisjonen har elles, med sjølvoppnemnd autoritet og dramaturgisk sans tidfest Kristi fødsel til 25. desember, men det spelar ikkje noka rolle i denne samanhengen.

Julemotivet får meg også til å minnast komiserien Seinfeld, der faren til George Costanza lanserte eit alternativ til høgtida, festivus, med ritualet the airing of grievances, der du skal fortelja dei andre i krinsen din korleis dei har skuffa deg det siste året.

Dagbøkene til den namnlause i romanen til Klausen har om lag same verknad som festivusritualet, han får alle imot seg. Ei av kvinnene han skriv ærleg om, tek endåtil livet av seg på grunn av boka. Slik vert søkjelyset retta mot det sosiale ansvaret til kunstnaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement