Etter kvinnene

Casey Affleck har godt grep om regi og skodespel i ein fin dystopi med eit kjent univers.

Far (Casey Affleck) og dotter (Anna Pniowsky) held seg helst for seg sjølve.
Far (Casey Affleck) og dotter (Anna Pniowsky) held seg helst for seg sjølve.
Publisert Sist oppdatert

Ein epidemi har reinska kloden for kvinner. Igjen står ei mengd menn som trugar dei få immune kvinnene. Den elleve år gamle jenta Rag (Pniowsky) og faren (Affleck) luskar rundt sørvest i Canada. Dei er helst aleine. Rag må late som ho er gut, og ho har aldri sett ei kvinne.

Tradisjon

Postapokalypsen har vore populær lenge. Det er noko kjent med The Light of My Life. Filmversjonen av Cormac McMarthys dystopi The Road er ein slektning, medan tankane streifar innom nyare sjangerfilmar som It Comes at Night og The Survivalist. Tematiske skuggar frå Menneskenes barn av Alfonso Cuarón eller serien basert på Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood, The Handmaid’s Tale, lurer i bakgrunnen, men The Light of My Life er meir smålåten og fokuserer på far og dotter. Ein finn spor av Leave no Trace av Debra Granik, men den mest forfriskande fantasifulle varianten av «far skjuler dotter som son i eit kollapsa Nord-Amerika», er meksikanske Buy Me a Gun av Julio Hernández Cordón.

Den nye filmen til Affleck kjennest altså ikkje særleg nyskapande, men han er vellaga i alle ledd. Dramaet vekkjer tankar og skaper spenning utan store fakter.

Fag

Den unge kanadiaren Anna Pniowsky skin stille som ljoset ho er i livet til faren. Affleck er dønn solid som skodespelar, og dei fleste smårollene speglar vekta han legg på faget. Kvalitet gjennomsyrar òg fotografiet, fargane og musikken. Dei kalde, matte fargane frå kald nordamerikansk skog er flotte og står i kontrast til varmen i bilete av minne med mora (Moss). Lydbiletet er effektivt og fryktar ikkje stilla. Manuset har tydelege tematiske trådar om forholdet mellom dei to hovudfigurane. Skildringa av dynamikken mellom dei to er fin. Ein seanse med far som forklarar reproduksjon, rasisme og menstruasjon, er løyen. Snedige blikk på Noahs ark er blant bibelske referansar som gjev rikdom. Moralfilosofi møter rasjonelt, realistisk overlevingsdrama. Kjønn er diverre eit naturleg tema, og Affleck gjer det smart og fint.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement