Teater

Etter ein idé av Henrik Ibsen

Ekspressiv Ibsen-variasjon kjem som blanding av stumfilm og musikkvideo.

Per Christian Ellefsen i rolla som Vilhelm Foldal. I bakgrunnen Kai Remlov, som spelar John Gabriel Borkman.
Per Christian Ellefsen i rolla som Vilhelm Foldal. I bakgrunnen Kai Remlov, som spelar John Gabriel Borkman.Per Christian Ellefsen i rolla som Vilhelm Foldal. I bakgrunnen Kai Remlov, som spelar John Gabriel Borkman.
Publisert

Nationaltheatret

John Gabriel Borkman er eit av dei både mest vemodige og mest melodramatiske Ibsen-stykka. Det handlar om aldrande menneske som er skuffa over livet sitt, og som prøver desperat å suge næring frå generasjonen under. Dei vil ha trøyst og triumf i støtte frå ungdomen. Slikt er alltid patetisk, og John Gabriel Borkman er såleis eit stykke ein kan både le og gråte av, samstundes.

Nationaltheatret har herja mykje med dette stykket i seinare år. Dei siste oppsetjingane har ikkje spela særleg på det kjenslemessige, iallfall ikkje det sentimentale. Det gjer heller ikkje den versjonen som no har hatt premiere. Han er spektakulær, langt på veg elegant og spanande å sjå på. Likevel er det ikkje heilt lett å skjøne kva framsyninga ynskjer å seie.

Pantomimisk

Når vi kjem inn i salen, er det første vi ser, to storskjermar der vi får lese eit resymé av handlinga i stykket. Så langt skjøner vi, her lyt vi vite på førehand kva stykket handlar om. Det plar elles ikkje vere naudsynt når det gjeld Ibsen. Scenebiletet syner i utgangspunktet ein mørklagd villa med tårn og eit daudt tre framfor.

Skodespelarane agerer i og utanfor huset, og vi får sjå det dei gjer, på storskjermane når dei er innandørs. Snart ser det ut til at heile framsyninga skal spelast pantomimisk, utan ord, med all tekst som stumfilmplakatar på skjermane. Det vert nærast som ein slags moderne ballett bygd på eit Ibsen-stykke, men visuelt og liknande ein gotisk skrekkfilm.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement