Teater
Er standup verkeleg standup?
Are Kalvø showar briljant, men spontaniteten er innøvd.
Are Kalvø på scena i lag med Julie Støp Husby.
Foto: Magnus Skrede
Det er ikkje komfortabelt å vere pirkete kritikar overfor den elskelege og intelligente artisten Are Kalvø. Det han serverer denne teaterhausten, er eit slags foredragsshow med utgangspunkt i landeplager dei siste tiåra, med andre ord toppane på VG-lista frå 70-talet til i dag.
Godt følgd av den eminente Julie Støp Husby og musikaren Ståle Sletner får vi gjenhøyr med slagarane til Frank Zappa, Boney M, Belinda Carlisle, Baccara, The Tweets (dei med «Fugledansen») og andre. I alt ti låtar som har vore nr. 1 på VG-lista tek Kalvø utgangspunkt i, med mål om å konkludere at all musikk har relevans for tida dei kjem i, og kvar song kan lære oss noko om livet.
Mykje moro
Her er mykje moro, både av song, dans og vitsing, og scenografien, med ein forstørra platespelar og oppblåste plateomslag, set oss fort i stemning. Vi er nære på å vere hundre prosent med. Men...!
Sjølv om mange av Kalvøs observasjonar av Noreg og norskdom er godt sett og skarpt satirisk leverte, er til dømes herming etter politikarar litt for billig humor i dag. I ei kritisk tid som den vi har levd i siste året, verkar det faktisk litt uhyggeleg.
Heilt overtydde vert vi heller ikkje av vinklinga hans på det såkalla krenkingstyranniet. Dette er jo noko dei fleste av oss lurer på korleis vi skal takle. Skal ein gjere satire på det, lyt det gjerast tøffare enn Kalvø gjer det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.