JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Er det ein fugl, skyt han!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Constantin Brancusi, «Fugl i rom», 1926.

1806
20191004
1806
20191004

Det er mange som slit med å definere kva som er kunst og ikkje. Men for tilsette i tolletaten får kunstdefinisjonen noko å seie reint praktisk. Kunstverk er unnateke toll. I 1926 skulle Constantin Brancusi (1876–1957) sende bronseskulpturen «Fugl i rom» til eit galleri i New York. Det smekre, langstrakte verket «Fugl i rom» skulle vise essensen av ein fugl som skal til å flyge. Den rumensk-franske skulptøren er kjend som ein av dei første modernistane som utvikla skulpturen frå figurative og attkjennelege figurar til reine, abstrakte former.

Dei amerikanske tollarane godtok ikkje merkinga og plasserte skulpturen i kategorien «kjøkkenreiskap og hospitalutstyr». Såleis kunne dei krevje metallavgift på 40 prosent av verdien på objektet.

Brancusi nekta å betale, og det vart rettssak. Kunstnaren var representert av den amerikanske galleristen og fotografen Edward Steichen. Dommaren syntest ikkje skulpturen samsvarte med tittelen og forsøkte å målbinde galleristen.

Dommaren: Om du såg ein slik fugl ute i skogen, ville du skyte på han?

Steichen: Nei, herr dommar.

Dommaren: Om Brancusi kalla arbeidet ein fisk, ville det då vere ein fisk for deg?

Steichen: Om han kalla det ein fisk, ville eg kalle det ein fisk.

Slik heldt dei fram, til glede for fleire aviser og magasin. The New York Mirror laga ein vittig artikkel med tittelen «Dersom det er ein fugl, skyt han!».

I enden vart skulpturen godkjend som kunst. I dag vert «Fugl i rom» rekna som eit av dei viktigaste kunstverka i nyare tid.

Meir enn 90 år har gått sidan rettssaka. I dag femner kunsten breiare enn nokon gong, og han gir framleis tollarar hovudbry.

Korleis kan ein til dømes handtere «Ecce Animal» (2013) av Diddo, eit kranium som er forma i eit material som inneheld 15–20 prosent kokain?

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis