Musikk
Enorm etterklang
Les Passions de l’Âme framførte gamal musikk i ny kyrkje.
Den nye Paulinarkyrkja i Leipzig blei vigsla i 2017.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Sidan eg flytte frå Leipzig i 2017, har byen fått ei ny kyrkje: Universitetskyrkja St. Pauli (Paulinerkirche på folkemunne), som ligg vegg i vegg med universitetets hovudbygning. Fasaden og innsida i denne moderne, lyse og tiltalande bygningen siterer seingotiske formprinsipp frå den gamle Paulinarkyrkja frå 1400-talet, som stod på denne staden fram til 1968. Morgonen 20. mai det året blei ho sprengd i lufta av DDR-regimet – på kort varsel, slik at mykje mellomalderkunst og barokkorgelet frå 1717 (som Bach ofte spelte på) ikkje kunne bergast.
Denne kulturbarbariske gjerninga (bilete av sprenginga finst på internett) blei gjennomført for å gje plass til Karl-Marx-Universität Leipzig, eit hesleg, asbestureina byggverk som måtte rivast etter den tyske sameininga. Som ein ytterlegare hån: Der gamlekyrkja, som var vigsla apostelen Paulus, hadde stått, installerte kommunistane eit kolossalt, grotesk bronserelieff med deira største apostel, Karl Marx.
Til hjarta
Eg lyt innrømma at eg tenkte mykje på dette der eg sat i den nye kyrkja, under konserten med barokkensemblet Les Passions de l’Âme og den utmerkte tsjekkiske sopranen Hana Blažíková. Konsertar og kantatar av Bach og Georg Philipp Telemann (1681–1767) blei framførte. Blažíková song vakkert. Røysta hennar er ikkje så kraftig, men dei mange klanglege nyansane og den frie fraseringa hennar, gjekk rett til hjarta. Ho fekk eit godt grep om publikum.
Samspelsproblem
Orkesteret hadde mange unge og dyktige musikarar. Her opplevde me speleglede, men som ensemblet sleit dei med å få i stand den rette driven i samspelet. Særleg bassavdelinga (cembalo, orgel, cello og kontrabass) hang ofte litt etter fiolinane. Me merka det særleg i Bachs Dobbeltkonsert i c-moll, BWV 1060 (versjonen for obo og fiolin), og i finalenummeret, den virtuose soprankantaten Jauchzet Gott in allen Landen, BWV 51.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.