Enkle fakta

Med Leseland-satsinga tek Samlaget eit krafttak for at nynorske barnelesarar skal ha gode alternativ i alle sjangrar.

Faktaserien «Visste du at» er av dei mest populære titlane.

Desse enkle bøkene syner kor ambisiøst prosjektet er. Kattar, hestar, grisar, hundar og kyr er teikna av ein av våre mest erfarne og omtykte illustratørar, Anna Fiske.

Tidvis er det ein fryd å bla frå side til side, le og lære. Blikket fell først på høgresida, på dyra som er rare, leikne og livlege. Så ser vi bokstavane til venstre. I enkle fontar og med få ord fylgjer spørsmåla eit fast mønster:

Visste du at grisen berre kan sjå oppover? Visste du at kua tygg maten sidelengs? Visste du at sauen ikkje likar å vere aleine?

Høgtlesingsopplevinga er sjeldan så fin som når ein oppdagar og gler seg over kunnskapen saman. Etter kvart lærer barnet seg bøkene utanåt og kan lese ved å hugse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement