Musikk
Engelsk elegi
Graham Anthony Devine spelar britisk gitarmusikk med renessanserøter.
Den engelske komponisten Benjamin Britten (1913–1976).
Foto via Wikimedia
Julian Bream er ein mann alle klassiske gitaristar har eit tilhøve til. Denne engelskmannen, som døydde for tre år sidan, 87 år gamal, var ein av dei største klassiske gitaristane på 1900-talet. Det prominente namnet hans opna for tingingsverk frå dei største komponistane i samtida, noko som resulterte i eit nytt gitarrepertoar av høg kvalitet.
Namnet Bream går som ein raud tråd gjennom soloalbumet til engelske Graham Anthony Devine, sjølv om ingen av stykka er komponerte av han. Plata med britisk gitarmusikk syner kor tilbakeskodande mykje av dette nye repertoaret er. Dei moderne gitaristane og gitarkomponistane såg attende til slutten av 1500-talet, då Elizabeth 1. sat på trona. Epoken, som britane kallar elisabethansk, var nemleg glanstida til den engelske luttmusikken.
Dowland og Britten
Bream lyfte som ein av dei fyrste fram dette elisabethanske repertoaret og spelte verka til John Dowland (1563–1626) på lutt. Devine går i Breams fotspor når han på albumet spelar sitt eige arrangement av Dowlands melankolske Mr John Langton’s Pavan. Denne dansesatsen er typisk for Dowlands melodisk songlege og harmonisk særmerkte stil.
Eg likar Devines spel. Den roleg pulserande flyten renessansemusikken må ha for å utfalda seg, den litt nonchalante måten han spelar dei snøgge løpa på, den ledige, men tydeleg artikulerte måten å utføra trillene på – alt dette høyrer me i framføringa hans. Teknisk kling det lytefritt.
Ein av dei viktigaste 1900-
talskomponistane som Bream tinga verk av, var Benjamin Britten. Hans Nocturnal after John Dowland, op. 70 (urframført av Bream i 1964), er blitt ståande som eit hovudverk i den nyare gitarlitteraturen. Britten har her teke utgangspunkt i Dowlands luttsong Come, heavy Sleep, som han omformar til åtte meir eller mindre frie variasjonar. Devine maktar å spenna ein vid boge over heile dette 18 minuttar lange verket, som får forløysinga si mot slutten, der Dowlands elegiske luttsong trer fram i enkel og ukunstla form.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.