Musikk

Engelsk aksent

I 1683 var Henry Purcell lei av kong Karl IIs musikalske frankofili.

Henry Purcell (1659–1695) prenta dei tolv fyrste sonatane sine i 1683.
Henry Purcell (1659–1695) prenta dei tolv fyrste sonatane sine i 1683.
Publisert

Det er nok ikkje berre eg som treng tid til å venna meg til tanken: at ein Karl no er konge av Storbritannia. Nærare 350 år er gått sidan førre Karl, Stuart-kongen Karl II av England og Skottland, kom til makta i 1660. Far hans, Karl I, var blitt avretta elleve år tidlegare, og fram til «restaurasjonen», som gjeninnføringa av monarkiet blir kalla, hadde England vore republikk.

Karl II levde i eksil i Frankrike under den engelske borgarkrigen. Der utvikla han ein forkjærleik for fransk kunst og kultur, og då musikklivet i London blømde att etter restaurasjonen, engasjerte kongen helst franske musikarar. Desse var skolerte i den prektige, seremonielle franske hoffmusikken, som snart gjorde seg gjeldande i heile England – på kostnad av den tradisjonelle engelske musikken og den nyskapande italienske stilen som var på frammarsj i Europa.

Granneavsky

Henry Purcell var barokktidas største engelske komponist. Også hans komposisjonar har mykje fransk ved seg, særleg skodespelmusikken. Kor vidt han sjølv var medviten dette franske, er vanskeleg å seia. Men då han i 1683, på tampen av Karl IIs regjeringstid, lét sine fyrste tolv sonatar prenta, skreiv komponisten i føreordet at desse Sonnata’s of III Parts (slik står det på tittelsida) var noko heilt nytt i England. Han hadde «strevd etter å etterlikna dei mest namngjetne italienske meistrane» for slik å gjera «alvoret og tyngda deira kjend hjå våre landsmenn». Det var no nemleg «på høg tid å avsky det overflatiske og balladeaktige hjå grannane våre».

Med «grannar» er franskmenn meint. Det var den kunstla franske musikken Purcell ville til livs. Men kven var desse «mest namngjetne italienske meistrane»? Ein av dei må ha vore Arcangelo Corelli, som på slutten av 1600-talet reformerte den italienske instrumentalmusikken. Purcells sonatar er nemleg «triosonatar» for to fiolinar og basso continuo (besifra bass), ein kammermusikktype som Corelli standardiserte.

Arkaisk engelsk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement