Musikk
Endeleg fredag
To du veit kven er, læst som om du ikkje veit det.
Om nokon fortener merkelappen «rapparanes rappar» i Noreg, er det få andre enn Mae som kan ta imot. Morten Aasdahl Eliassen var opphaveleg ein engelskspråkleg ordsmed under namnet Opaque, før han vart verkeleg transparent og tok initialane sine som artistnamn. Og han klarte på imponerande vis å halde den heilt eigne, slentrande stilen.
Det som er særskilt med Mae, er at ord, språklege bilete og referansar nærast ramlar ut. Som om han kjem på dei i farta, likevel alltid så presist på trommemaskinslaget at det er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å kopiere.
Han er heller ikkje den som gir ut ny musikk i utide. Sist var hausten 2022, då var det fem år sidan førre album. Tittelen New Music Friday er eit spark til den oppdaterte vekelista til Spotify som mange i musikalske marknadsavdelingar navigerer etter. Saman med Raggen, ifølgje presseskrivet også kjend frå andre prosjekt. Humoren er, for dei uinnvigde, at Raggen eigentleg heiter Chirag Patel og er meir kjend som ein av to i Karpe.
Saman kastar dei setningar mot Tommy Tee sine gode og mørke arrangement, og sparkar og ler i fleire retningar, mot bransjeklisjear, marknadsføring og popularitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.