Musikk
Elva veit
Det nye albumet til Molly Tuttle er ei kjærleikserklæring til bluegrassmusikken.
Låtskrivaren Molly Tuttle skrur saman songar som høyrest ut som gamle klassikarar, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto: Mollytuttle.com
Elva græt fordi elva veit, heiter det i «The River Knows», eit av spora på Crooked Tree, den nye plata frå Molly Tuttle. Naturen kan vere eit taust vitne til så mangt, og så mangt kan skje i det bleike skinet frå månen, det er noko alle som har lytta til såkalla «murder ballads» veit.
Tuttle har sin eigen vri på sjangeren, og det ligg i sakas natur at eg ikkje skal seie meir enn det, for ikkje å avsløre for mykje – men ein lytt kan eg i alle fall tilrå.
Til røtene
Alle som er glade i bluegrass-
musikk, bør gi Crooked Tree ein sjanse. Albumet osar av speleglede og overskot og er noko av ei kjærleikserklæring til den tradisjonen. Tuttle voks opp nord i delstaten California, utdanna seg ved Berklee College of Music og flytta til Nashville i 2015. Sidan den gong har ho gitt ut to fulle studioalbum, When You’re Ready i 2019, og året etterpå ...but i’d rather be with you.
Den nye plata inneber ei slags tilbakevending til røtene på fleire måtar, for Tuttle oppdaga bluegrassmusikken gjennom far sin, ein musikklærar som spelar ei heil rekkje instrument, og bestefaren, som introduserte henne for banjoen. Ho har lenge visst at ho skulle lage ei plate som dette, som både reindyrkar bluegrass og tek tradisjonen i litt nye retningar, særleg når det gjeld tekstane ho har skrive.
Låtskrivaren Tuttle veit å skru saman songar som høyrest ut som gamle klassikarar, som om dei er traderte over generasjonar, men ho er også god til å teikne presise bilete av si eiga samtid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.