Teater
Elskverdig nytapping
Børson frå Hedmarken er i snillaste laget, men lagar bra liv.
Romantikken blømer for Josefine (Anette Lauenborg Waaler) og Bør (Tom Styve).
Foto: Gisle Bjørneby
Historia om Bør Børson jr. var opphavleg ein sviande satire over jobbetida under og like etter første verdskrigen. Johan Falkberget, som elles var ein malmklingande episk diktar, gjorde eit humoristisk sidesprang med denne romanen, og ironisk nok er nok tittelfiguren her den frå diktarens livsverk som har hatt lengst liv. Bør Børson jr. er ein snobbete oppkomling, og låtteleg i kraft av det, men vondt finst det ikkje i han, og vi unner han ein lukkeleg slutt med si Josefine.
Musikalversjonen av historia vart ein enorm suksess etter urpremieren i 1972, ikkje minst på grunn av Rolv Wesenlund. Låtar som «Å æ kjinne ein kar» og «Et lite wienerbrød» er for lengst trygt på plass i allsongskatten vår. Når Teater Innlandet no har gått inn for ei nyoppsetjing, har dei flytta stoffet både geografisk og i tid. Bør er frå Hedmarken, ikkje frå Olderdalen i Trøndelag, og tida er 50-åra, ikkje 10–20-åra. Forretningssvindel og stormannsgalskap finst sjølvsagt overalt og til alle tider, men det spørst om ikkje litt meir historisk brodd hadde skjerpa denne teaterhendinga. No blir tidsbiletet berre nostalgisk, og det heile veldig snilt.
Sjarmerande
Tom Styve i tittelrolla er leikent sjarmerande. På musikalscena er den store kunsten å få det stålkontrollerte til å sjå lett og improvisert ut, og det klarer Styve. Men i regissøren Lars Erik Holters til dels forbløffande omarbeiding har Bør-karakteren fått trekk av omsorg og klokskap som faktisk forstyrrar heilskapen. Så raus som dette skal ikkje Bør vere mot den desperate husmannen Ole Elveplassen, og den djupt erkjennande frierimonologen til Josefine i siste scene finst hjå korkje Falkberget eller Tusberg/Monn-Iversen. Styve er òg yngre og penare enn Bør plar vere på scena. Det gjer romantikkfaktoren meir truverdig. Men når Bør blir for intelligent og ettertenksam, knakar det litt i den satiriske grunnmuren.
Underhaldande
Men underhaldande er det, og Anette Lauenberg Waaler og Marte Stolp leverer framifrå som høvesvis Josefine og «Jomfru» Laura Isaksen, medan Lars Jakob Holm og debutanten Mats Moe går like kjapt inn for bygdekarane Ole Elveplassen og Nils Tollvold som for aksjesvindlarane Zolen & Månen. Som dei sistnemnde leverer dei kan hende kveldens mest gjennomført raffinerte nummer. Like elegant metamorfose syner Morten Rudå, som speler både storbonde og storbygrosserar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.