Teater

Elsk eller drep meg

Kraftfulle synsinntrykk, men utan appellerande glød.

Sarah Kane-oppsetninga på Nationaltheatret er heilt klårt ikkje hyggedramatikk. Her med skodespelarane Kingsford Siayor og Øystein Røger.
Sarah Kane-oppsetninga på Nationaltheatret er heilt klårt ikkje hyggedramatikk. Her med skodespelarane Kingsford Siayor og Øystein Røger.
Publisert

Mykje pirrande førehandsreklame har det vore for sesongens første premiere på Nationaltheatret. Dette skulle vere det sterkaste og mest ubehagelege som nokon gong er synt på norsk scene. I England skal folk ha kovna av å sjå det. Og den legendariske Sarah Kane sitt stykke Renset er heilt klårt ikkje hyggedramatikk. Men slik det framstår på Nationaltheatret – spektakulært, effektfullt – er det nær ved å ende som nonfigurativ kunst. Handlinga, og dei ulykksalige personane det skal dreie seg om, vert aldri tydelege nok, og vi kan korkje ynke dei eller verte retteleg skaka av det som hender med dei.

Utrydding

På eit slags forskingssenter kjem ei ung kvinne og ber om kleda etter bror sin, som har døydd etter ein overdose injisert av ein lege. Ho hamnar på underleg vis sjølv som pasient på institusjonen, som syner seg å vere eit slags straffe- og utryddingssenter for menneske som fell utanfor det såkalla normale. Stykket er fragmentert og – i denne oppsetjinga – ramma inn av kjende bibelsitat, dei mest brutale bibelsitata, sjølvsagt, om kompromissløysa i den absolutte kjærleiken og den absolutte trua. Vi kan vel skimte Sarah Kanes ærend i kontrastskildringane av ubøyeleg kjærleik og meiningslaus vald og lemlesting. Utan motbør, utan å bli prøvd, kjem vi kan hende aldri inn til kjernen av kva kjærleik er. Og i kunsten, i teateret, kan det av og til vere eit poeng i å spisse det til det ytste.

Keisamt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement