Kunst

Elegant og treffsikkert

Utstillinga med Nils Aas og Jakob Weidemann er praktfullt sett saman, mest som ein musikalsk komposisjon, der også kuratoren Anders Sletvold Moe vert svært tydeleg.

Nils Aas: «Modell til relieff for Bonde og co» (1977), 10,5 x 22,5 cm, stål og sponplate.
Nils Aas: «Modell til relieff for Bonde og co» (1977), 10,5 x 22,5 cm, stål og sponplate.
Publisert

I år ville inderøyaren og bilethoggaren Nils Aas (1933–2004) fylt 90. Dette er den første utstillinga i jubileumsåret for kunstverkstaden, ein presentasjon som viser skulpturar og relieff av Aas i samklang med måleri av Jakob Weidemann, som ville fylt 100 år i år. Weidemann er fødd i Steinkjer, det same er kuratoren for utstillinga, Anders Sletvold Moe (f. 1978), som i tillegg til å vere ein aktiv og veletablert kunstnar har kuratert fleire utstillingar med trøndersk abstrakt kunst.

Moe har nær kjennskap til dei to tungvektarane i kunsthistoria frå barnsbein av. Jakob Weidemann gjennom dei praktfulle glasmåleria han utførte for Steinkjer kyrkje i 1965. Også Nils Aas har vore ein naturleg del av kvardagen i form av skulpturane og utsmykkingane i offentlege rom.

To pionerar

Kuratoren har lukkast godt med å smelte ei skiftande utstilling inn i eit visingsrom med ei omfattande fast utstilling av verka til Nils Aas. Karakteristisk for Moe er utstillinga forma med stram hand. Resultatet er prega av ein elegant lette som speler på særtrekk i arkitekturen i rommet, samstundes som han har sett opp ekstra vegger som gir høve til å setje opp fleire verk og å avgrense verka tematisk.

Anders Sletvold Moe har valt ut verk frå den rikhaldige samlinga etter Nils Aas, fleire er skulpturelle skisser og modellar, mange er berre 30 og 50 centimeter høge. Dei små verka har noko fint og friskt i seg, dei er utforskande og leikne i forma. Arbeida er gjerne uvørdent og grovt utførte, men alltid med gode, sterke former. Det skin godt igjennom at Nils Aas vaks opp i eit miljø der godt handverk stod sterkt.

Aas arbeidde både figurativt og nonfigurativt gjennom heile karrieren. I denne utstillinga får vi berre sjå på abstrakte og nonfigurative verk. Desse får også ein ekstra vitalitet i møtet med måleria til Weidemann, som er ein av dei store pionerane i norsk abstrakt kunst. Av steinkjerbyggen møter vi mange verk som sjeldan har vore viste. Kuratoren har vore på detektivjakt i private samlingar etter dei heilt rette verka for utstillinga. Verka til Weidemann er valde ut frå tre periodar frå slutten av 1940-åra til 1960-åra. Dei tidlege måleria viser inspirasjon frå kubistiske kunstnarar som Picasso og Braque, i tillegg er det fleire skogbotnmåleri og tidlege forsøk på utforming av blomstermåleri.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement