Dikt

Eld og eksistens

Leier labyrinten inn, eller fører han ut? Det er eit av mange gode spørsmål dikta til Ingrid Nielsen stiller.

Ingrid Nielsen (f. 1968) er professor i litteraturvitskap i tillegg til lyrikar.
Publisert Sist oppdatert

Ingrid Nielsen spelar fleire roller på den litterære samtidsscena: Ho er litteraturforskar og diktar og ekspert på modernistisk poesi. Det ser ein fleire nedslag av i den nye diktsamlinga hennar, som på mange måtar er vanskeleg, men òg gjevande for ein tolmodig lesar.

Heilt sidan Arnulf Øverlands dagar har det vore klaga over at moderne poesi er så vanskeleg å forstå, jamfør den såkalla «tungetaledebatten». Det er klårt at Øverland har nokre gode poeng når det gjeld krav til klårleik og forståing, men det har dei moderne diktarane òg – på deira særeigne måte.

Dikta til Nielsen står fint på eigen grunn, ho skriv seg heilt medvite inn i ein lærd, høgmodernistisk tradisjon. Eit godt døme er «Pavane for en død mor»: «Jeg senker krukken/ med det siste av mor,/ og tenker ikke/ på de levende,/ men på mor i jord,/ mor som ikke ser/ med øyne mer,/ mor som ikke hører/ med ører mer».

Morsfiguren er markant i dei fyrste dikta i boka, og her er han fint samanstilt med elementet jord, og båe står sentralt i den mytiske tenkinga om mennesket. I botnen ligg nok ein referanse til Maurice Ravels tonedikt «Pavane for en død prinsesse», og noko av eventyret og det mystiske har klangbotn her. Det har òg den farefulle elden, som Nielsen bind saman med dei siste verdskatastrofane.

Heilt sidan T.S. Eliot har lærde allusjonar vore viktige ingrediensar i moderne poesi, og det kan verta eit problem for forståinga. Det gjeld eigenleg ikkje for dikta til Ingrid Nielsen; dei fungerer greitt gjennom sin eigen uklåre klårleik, for å bruke ei litt pretensiøs paradoksal formulering. Eit døme på det er «Claustrum», eit klaustrofobisk-surrealistisk dikt der eget kjempar med kjensla av å vera stengt inne i seg sjølv: «Jeg forteller deg at jeg er på loftet innerst/ der skråtaket er lavest ingen/ luft der umulig/ å komme ut sovende/ mennesker jeg ikke kommer forbi».

Ein annan plass heiter det: «Leder labyrinten inn/ eller fører den ut?» Og det er jo noko ein kan grunda på, på same vis som nokre av dei gamle filosofane grunda over når sandkorna vert til ein haug.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement