Musikk
Eld og ånd
Chiaroscuro Quartet har vitja Bergen med tidlegromantisk repertoar.
Chiaroscuro Quartet spelar på kopiar av strykeinstrument frå kring 1800.
Foto: Eva Vermandel
Eg er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet under Bergens Kammermusikkforenings konsert med ensemblet Chiaroscuro Quartet: Austerrikaren Franz Schuberts store Strykekvartett nr. 15 i G-dur, D 887. Denne aller siste strykekvartetten han skreiv, fylte heile konsertens andre avdeling. Musikarane hadde spelt seg varme. Dei hadde intenst nærvære på scenen og lét som éin stor klangkropp, samstundes som den musikalske dialogen – måten ensemblemedlemene vekselvis framheva temaa og motstemmene på – skapte eit tonande drama. Med andre ord: Dette var romantisk kvartettkunst på sitt aller beste.
Lys og mørker
Men lat oss byrja med byrjinga. Tre verk av to komponistar stod på programmet. Det opna med Schuberts «Kvartettsats» i c-moll, D 703. Stykket frå 1820 var tenkt som fyrstesats i ein kvartett som aldri blei fullført. Satsen er såleis eit fragment, sjølv om fyrstesatsen i slike firesatsige verk vanlegvis er den viktigaste og difor fint kan nytast separat. Me kan samanlikna det med ei antikk søyle av den doriske eller korintiske sorten der berre søylehovudet er overlevert, og søylehovuda er jo det mest forseggjorde ved slike steinhoggararbeid.
Satsen opnar djupt romantisk, med eit jagande, ottesamt hovudtema i moll som snart glir over i skinande dur. Den stadige kontrasteringa mellom lys og mørker, mellom lyrisk eufori og omskifteleg otte, skaper den spenninga som er så typisk for Schuberts mogne periode. Ensemblet levde her opp til namnet sitt: Chiaroscuro, eit italiensk omgrep frå målarkunsten som tyder «lyst-mørkt», er teknikken som nettopp framhevar desse kontrastane. Ser ein på eit Caravaggio-måleri, til dømes «Matteus’ kalling» eller «Paulus’ omvending», blir det tydeleg kva som er meint.
Bråmogen tyskar
Schuberts kvartettsats varer berre i underkant av ti minuttar. Det tok litt tid før Chiaroscuro Quartet fann tonen, både når det galt det tekniske og uttrykket. Best merka ein det hjå fyrstefiolinisten Alina Ibragimova, som i pianissimopartia (særleg dei snøgge) stundom ikkje fekk bogen til å «ta» skikkeleg i strengene, med diffuse ansatsar og ditto intonasjon som resultat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.