Bok
Eksistensen er ein vond draum
Prosessen er endå eit storverk i den flotte klassikarserien frå Skald forlag.
Franz Kafta (1883–1924) vart fødd og voks opp i Praha i noverande Tsjekkia.
Foto: Ukjend / Skald forlag
Dei fleste lesande folk har vel kjennskap til denne romanen, men for å ha alt på plass kan ein fort slå fast at Prosessen handlar om prokuristen Josef K. som ein morgon vert arrestert utan å få vita kvifor. Lesaren forstår at det ikkje spelar noka rolle, det viktige er at han er sikta, og at ein rettsprosess er innleia mot han. Brotsverket vantar, men vert ikkje sakna, ein har då ein person i staden!
Sjølv om Josef K. er arrestert, vert han ikkje fengsla. Han lever som før, men no med prosessen hengande over seg. Han får uklåre innkallingar, går gjennom korridorar og finn fram til snodige rettssalar, alltid på eit eller anna loft. Og sjølv når han går ein stad av årsaker som ikkje har noko med prosessen å gjera, kjem han opp i noko som likevel er relevant for saka.
Marerittaktig
Det er tidt eit element av blautkakekomedie i det som skjer, og somme hendingar er av ein slik karakter at dei minner mest om eit mareritt. Til dømes skal dei to vaktarane som arresterte han, piskast som straff for saker Josef K. har klaga på. Dette får han vita når han opnar døra inn til eit pulterkammer i banken der han er tilsett. Der inne står dei, saman med han som skal utføra straffa. Josef K. prøver å hindra det, men det er fåfengt.
Når han ein dag seinare opnar døra att, er scena der inne framleis akkurat den same, ingenting har skjedd i mellomtida. Ein kan godt seia at det ikkje finst noka mellomtid, og lesaren forstår at det som går føre seg der inne, alltid vil vera det same. Det er som i ein repeterande draum, eller eit rom i sinnet, eit rom ein ikkje vil vera i.
Josef K. gjer kva han kan for å betra saka si, litt på slump vert ein advokat engasjert, og han kjem i kontakt med ein kunstmålar som har kjennskap til prosedyrane ved domstolen. Via nye korridorar og gjennom mørke rom kjem Josef K. stadig fram til nye stader der han overraskande nok har noko å gjera, og ein del hendingar som kunne ha vore viktige, flyt berre ut i tullball, som nokre merkelege eskapadar med tenestejenta til advokaten, Leni.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.