Bok

Eit vesentleg tilskot til norsk teksthistorie

Denne utgåva av folkevisesamlinga til Landstad legg grunnen for ei ny forståing av norsk teksthistorie.

Prest og salmediktar Magnus Brostrup Landstad samla òg inn folkeviser.
Prest og salmediktar Magnus Brostrup Landstad samla òg inn folkeviser.
Publisert

Siste faksimileutgåva av dei om lag 900 sidene med folkevisene Magnus Brostrup Landstad (1802­–1880) gav ut i 1853, kom i 2007 og har alt lenge vore utseld. No har ein i den store Landstad-utgåva valt å prente faksimilen endå ein gong. Så påkosta og flott denne utgåva er, kunne ein kan hende venta at tekstane hadde fått nye merknader, at rettingane på slutten av verket var innarbeidde der dei høyrde heime. Det hadde vel faktisk ikkje vore av vegen med eit vitskapleg apparat som kontekstualiserte arbeidet med tekstane, opplyste heile vegen kven som var heimelskvinner og -menn, og innførde forskingsreferansar frå heile den perioden som har gått.

Likevel gjev det noko særskilt å sjå teksten i den opphavlege standen han hadde: Det gjev noko av den multimodale kjensla, især når vi kjem til notane (sist i tekstbandet, band 4:2), og etter kvart som ein grev seg frametter i dei ulike slaga og laga av viser, lever vi oss inn i Landstad-universet.

Heldigvis kompenserer den lange, spennande innleiinga til Ørnulf Hodne i stor grad for eit eige vitskapleg apparat (som diverre for ofte manglar i norske tekstutgåver). Eitt er at han gjev gode kjeldelister og har laga tillegg om oppskriftene, der det no endeleg går godt fram kva for ei rolle Olea Krøger (1801–1855) hadde i innsamlingsarbeidet. Hodne har gjort eit gedigent, både for den interesserte ålmenta og for mange fagmiljø, svært verdfullt arbeid med å framstille heile prosessen i innsamling, utgjeving og mottaking av folkevisene.

Tradisjonsborne viser

I mangt måtte Landstad sjølv skape dei prinsippa som skulle gjelde for å velje ut viser og ikkje minst, versjonar av dei. Dikta bygdeviser der opphavspersonen var kjend, skulle ikkje med, derimot skulle dei vere tradisjonsborne. Likevel var der bygdeviser som tok i bruk tradisjonsstoff, og der var ulike variantar der gammalt stoff kunne blande seg med stoff frå skillingsviser. Landstad måtte såleis stå for omfattande vurderingar av kva som var folkeleg tradisjon. Han samanlikna noggrant med det som fanst av viseutgåver i Norden (og andre land), og han tok i bruk kjennskapen sin til både norrøn litteratur og religiøse song- og forteljetradisjonar.

Landstad tok etter slike vurderingar i bruk materialet ikkje berre frå namngjevne tradisjonsberarar, som Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817, emigrert 1852), særleg kjend for versjonen sin av «Draumkvedet», men òg mange tilsende oppskrifter og tidlegare innsamla stoff. For dei samla vurderingane sine, såleis av helteframstillingar, trusinnhald, jamføringar med mellomaldersoger, og så bortetter, fekk Landstad tidleg mykje kritikk for å vere uvitskapleg, frå sentrale folk som Jørgen Moe, Sophus Bugge og Svend Grundvig. Dette trass i at han hadde laga prøveutgåver og arbeidde – mellom anna etter råd frå Ivar Aasen – med språklege og andre endringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement