Kunst
Eit uforløyst potensial
Dei løynde aktivitetane i fotostudioet Høeg & Berg er ein fin måte å markere prideåret på.
«Marie og Bolette i båt» (utsnitt), handkolorert, 1895–1903. Inkjetprint frå digitalisert glasnegativ. Preus museum.
Foto: Berg & Høeg
Det første fotografiet vi møter, er blåst stort opp og vakkert tilpassa ein av veggnisjane med kvelva tak. Dette er eit klassisk studioportrett, eit kjærastepar sit i ein robåt på ein sjø av sjenerøse mengder grovt lerret, kvinna i sid kjole og overdådig pynta hatt ser inn i naturen i bakteppet.
Bildet minner om så mange andre, to personar i robåt i fotostudio var ein populær måte å la seg portrettere på. Men det som gjer dette så spesielt, er at personen med det klåre blikket og den blå dressen slett ikkje er ein mann, men ei kvinne. Auga stirar framfor seg, rett til sides for oss. Det er dette intense blikket, dei blå skuggane under auga, som fangar merksemda vår.
Det vi ser, er ei forboden scene iscenesett av stemmerettsaktivistane og fotografane Marie Høeg (1866–1949) og Bolette Berg (1872–1944). Bildet vart først funne på 1980-talet. I to små øskjer låg glasnegativ som avdekte ei strengt hemmeleg lita verd, og det er henne vi får stige inn i på Preus Museum. Denne delen av utstillinga Over regnbuen, som omhandlar arbeida og liva til Høeg og Berg, dannar ei annleis og tankevekkande markering av at det er 50 år sidan homofili var avkriminalisert.
Ei ujamn utstilling
Resten av utstillinga held dessverre ikkje same kvaliteten. I delen der museet fabulerer over kva utstilling Høeg og Berg ville sett pris på, har dei leita gjennom den sterke og omfangsrike samlinga, og også lånt inn verk, og invitert kunstnarar til å lage arbeid særskilt for markeringa, tilsynelatande med det skeive som einaste fellesnemnar. Vi får sjå verk frå tidleg 1900-tal fram til i dag, norske så vel som utanlandske, med ei stor breidde av sjangrar, frå dokumentarfoto til portrett og videoverk – endåtil elevarbeid – og ein heilt malplassert ammestol. Svært ulike kunstnarar er sette saman hulter til bulter. Trass i at mange av verka er sterke, vert resultatet for rotete – det spriker i fleire retningar enn ei utstilling kan tole.
Eg er usikker på om inneklimaet i lokala er bra nok. Fleire av fotografia har tydelege bølger, noko som tyder på for mykje luftfukt. Dette er særs uheldig å sjå i eit nasjonalt fotomuseum, ein tittel som fordrar profesjonalitet. Museet har slitt med for små bevillingar over lengre tid. Dei høge straumutgiftene har gjort situasjonen ekstra krevjande. Det er viktig at eit så viktig museum som dette får tilstrekkelege midlar til å ta vare på arbeida sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.