Bok
Eit storverk om Nansen
Med Nansen. Utfordreren har Harald Dag Jølle fullført nærstudien om livet til Fridtjof Nansen.
Med Nansen. Utfordreren har Harald Dag Jølle sluttført biografien om Fridtjof Nansen. Jølles biografi rokkar ikkje ved biletet av Nansen som nasjonalhelt: Som internasjonal nordmann og humanitetens forsvarar er Nansen utan sidestykke. «Arven etter Nansen» kan brukast som meir enn ein talemåte, og minnestøtter over Nansen treng ikkje verta rivne ned.
Vi får eit bilete av ein plaga mann. Medan ettertida ser eit liv som var fylt av handling og handgripelege resultat, var Nansen sjølv i tvil om verdien av eigen innsats. Forholdet til borna var i beste fall problematisk, og det same galdt openbert Sigrun, elskarinne og deretter hustru: Å fri til Kathleen Scott og så gifte seg med Sigrun Munthe nokre veker seinare var kanskje ikkje den beste opptakta til eit ekteskap. Denne sida av Nansens liv kjem i boka fram gjennom omfattande attgjevingar og sitat frå Nansens dagboksnotat og brev. Det var heller ikkje berre Nansen sjølv som kunne vera ulukkeleg i familien på Polhøgda. Dette verkar brutalt ikkje minst i sonen Odds nedteikningar frå det sjølvvalde eksilet hos familien Lange (Christian Lous Lange – den andre av Noregs to mottakarar av Nobels fredspris).
Arbeidsam og produktiv
At Nansen gjennom alt dette må ha vore uhyre arbeidsam og tilsvarande produktiv, går framfor alt fram av arven han etterlét seg – frå starten på eit internasjonalt flyktningregime over serien av meir eller mindre sjølvbiografiske bøker, til vitskaplege og storslegne populærvitskaplege verk, alt gjerne med eigne illustrasjonar.
Nansen var oppteken av «handlingens menn», og han såg seg nok sjølv som ein av dei: I vala mellom vitskap og praktisk handling var det gjerne handlinga som vann fram. Nansens venn Jacob Worm-Müller noterte at Nansen kunne seia «banaliteter som irriterer de intellektuelle», og ein kunne ikkje «ubetinget si han er intelligent». Kathleen Scott ottast ved eit høve at han skulle servere «for mange selvfølgeligheter». Båe fråsegnene peikar i same retning – Nansen var neppe nokon stor tenkjar på alle felta han engasjerte seg i eller uttala seg om.
Dette gjeld openbert rolla hans i norsk politikk, eller rettare andre sine freistnader på å gje han ei rolle i politikken. Nansen står her fram som lite anna enn ein refleks av borgarleg tankegods i samtida: Oppgjeven over manglar ved eit partibasert parlamentarisk system og med trua på «de store ånder» eller sterke menn trugar han med å bikka over i antidemokratiske haldningar; han ser Arbeidarpartiet som «kommunistisk» lenge etter at partiet hadde brote med Moskva; han har ei absolutt visse om at «økonomien», det vil seia statsfinansane, måtte vera i orden før ein, med Jølles parafrase, kunne prøva seg på «nye kostbare eksperimenter». Men Nansens politiske naivitet verka alle vegar: Lenin var for Nansen «en klok og begavet mann og av moderat tilsnitt, en idealist», om enn «av den type som mener at alt som står i veien, må slås ned». Nansen tenkte vel her, som russarane seier, at ein ikkje kan laga omelett utan å knusa egg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.