Bok

Eit splintra liv

Deborah Levy skriv glimrande om å miste kontrollen over eige liv.

Publisert

I 1988, i regi av kjærasten, fotografen og kunststudenten Jennifer Moreau, skal historikaren Saul Adler, i kvit dress, krysse Abbey Road slik John Lennon og The Beatles på ikonisk vis kryssa den same fotgjengarovergangen i 1969. Men til skilnad frå The Beatles blir Saul køyrd ned av ein uvørden bilist, og dette skaper utgangs- og omdreiingspunkt for ein samansett og mangetydig roman som vekslar mellom ulike tidsplan og ulike versjonar av det verkelege.

Saul Adler er 28 år i 1988. I 2016 er han dobbelt så gammal, og handlinga i Mannen som så alt vekslar mellom den unge og den middelaldrande Saul Adler, som i 2016 på nytt blir køyrd ned i Abbey Road, denne gongen med langt større skadar enn første gongen. I morfinrus på sjukehuset prøver han å finne ut av seg sjølv, familien, gamlekjærasten Jennifer og eit austtysk miljø han hadde kontakt med i 1988 som historikar med eit forskingsoppdrag om tyske motstandsrørsler under nazismen med utgangspunkt i Edelweiss-piratane. Dessutan arbeider han med ei avhandling om psyken til mannlege tyrannar ­­– basert ikkje berre på Stalin, men også på sin eigen tyranniske kommunistfar, biletlagt gjennom Berlin-muren som skilje mellom far og son og mellom to ulike kulturar og levemåtar.

Hallusinasjonar

Under opphaldet i Aust-Berlin innleier han eit intimt forhold med tolken og Stasi-agenten Walter Müller og med den eksentriske søstera hans, Luna, som han kanskje gjer gravid. Han har også gjort ekskjærasten Jennifer gravid. Alt dette kjem tilbake i kaotiske draumar og hallusinasjonar, som ukronologiske minne, og ein etter ein eller saman møter dei ved sjukesenga som spøkelse eller fantasiar, mens eit fragment av det berømte diktet «In Flanders Fields», skrive i 1915 av kanadiske John McCrae (1872–1918), kling i bakgrunnen: «Vi er de døde. For få dager siden/ Levde vi, så dagen gry, så solnedgangen rødme/ Elsket og ble elsket…»

Saul Adlers liv er på mange måtar knust og fragmentert, ikkje berre av ein bil i Abbey Road, men også av dei vala han har gjort, og rundt i romanen finst knuste speglar, knuste LP-plater (Beatles’ Abbey Road), sundrivne bilde, Berlin-muren i bitar; alt dette som ledd i ei svært finmaska og kompleks historie om svik, om skuld og ansvar og lengten etter ein heilskap som ikkje lenger finst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement