Bok

Eit skriftemål

Albert Camus borar djupt i framandkjensla mennesket har.

Den franske skodespelaren Madeleine Renaud gratulerer den franske forfattaren Albert Camus etter at han vart utropt som nobelprisvinnar i litteratur 17. oktober 1957.
Den franske skodespelaren Madeleine Renaud gratulerer den franske forfattaren Albert Camus etter at han vart utropt som nobelprisvinnar i litteratur 17. oktober 1957.
Publisert

Albert Camus fekk Nobelprisen i litteratur i 1957, som ein av dei yngste i dei 115 åra prisen har eksistert. Camus var 44; to år seinare døydde han i ei bilulukke utanfor Paris. I tida han hadde, rakk han å setje markante spor etter seg i både litteratur og filosofi. Når Fallet på nytt kjem i norsk språkdrakt, viser det at Camus framleis har ein vesentleg og tidlaus bodskap som rører ved menneskeeksistensen i ei absurd og meiningslaus verd.

Sjølvsentrert livsnytar

I Fallet (1956) møter vi den tidlegare stjerneadvokaten Jean-Baptiste Clamence, som har flykta frå Paris og slått seg ned i Amsterdam, der han i monologform fører sak mot seg sjølv. På den slitne hamnekneipa Mexico City fortel han historia om vekst og fall til ein tilfeldig gjest som kanskje er han sjølv. Han snakkar om Janus og det dobbelte i mennesket, og med stor språkleg styrke analyserer han det tidlegare livet sitt som forfengeleg og sjølvsentrert livsnytar i det parisiske borgarskapet. Han har sett seg sjølv som overmenneske og ein som omsynslaust bruker alt og alle i eiga interesse: «Jeg spilte effektiv, intelligent, fortjenstfull, samfunnsbevisst, indignert, overbærende, solidarisk, oppmuntrende.» Samtidig kjenner han meir og meir at «egentlig var det ingenting som betydde noe», alt er overflate, alt er meiningslaust, alt er spel og maskeringar.

Han snakkar om skuld og skam, ansvar og ansvarsfråskriving, fridom og tvang, synd, nåde og nådegiving. Som tidlegare advokat omtalar han seg sjølv som «dommer-botferdig», ja, heile monologen er ei botsøving der han innrømmer skuld for det fallet som har gjort at han har gått i hundane.

Eit konkret fall

Fallet er eit konkret fall og eit syndefall. Ei natt opplever han at ei ung kvinne kastar seg i Seinen, mens han sjølv snur ryggen til og går vidare utan å gripe inn eller varsle. Dette ber han med seg og opplever som ein rå latter i netter då han seinare streifar rundt i gatene langs Seinen. Til slutt greier han ikkje meir og søker tilflukt i Amsterdam, der han fører sak mot seg sjølv og mot menneskeslekta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement