Musikk
Eit motkulturelt C-moment
CMAT byr på fleirtydige ord frå eit postmoderne Irland, forkledd som strigla popmusikk.
Ciara Mary-Alice Thompson lever i ei materiell verd, men ho er ikkje ei materiell jente.
Foto: Sarah Doyle
Det er tydelegvis noko med C, denne merkelege bokstaven som skifter lyd alt etter kva som høver seg. To damer med artistnamn på C, britiske Charli XCX og amerikanske Chapelle Roan, har dei siste åra gjort popmusikken både uføreseieleg og relevant. Førstnemnde fekk mykje ekstra merksemd for albumet og omgrepet brat.
Eit omgrep som braut direkte inn i samtida då ho døypte Kamala Harris som brat tidleg i fjor haust. Chapelle Roan har på si side skapt seg ein posisjon som sprudlande popstjerne og skeivt ikon, og har snudd ubehag til ein rå styrke.
Det er interessant, fordi me er i ei tid der den mest populære musikken er så lik at det er vanskeleg å skilje artistar frå kvarandre. Ufarlege tekstar om å tru på seg sjølv, vere kjempeforelska og gjerne begge delar samtidig. Sånn omtrent.
Songane til desse på C miksar derimot lett dansepop, hard elektropop med punkinnstilling, og tekstar om hedonisme og bilar. Nokon vil nok oppleve dei som frimodige og ufine, ja, kanskje til og med vulgære.
På veg til å gje opp
Her er den neste. Ciara Mary-Alice Thompson var på veg til å gje opp artistdraumen. Då greip høgare makter inn og sende ho i eit møte med nettopp Charli XCX, som i eit nærast bibelsk førevarsel gav Thompson si musikalske velsigning. Kanskje ho til og med sa ho var brat. Og kanskje høyrde Thompson litt feil. I alle høve flytta ho tilbake til heimbyen Dublin og satsa for fullt under namnet CMAT.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.